Førdepakken – Omdømebygging – Sunnfjord kommune

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Stans galskapen med gjennomgangstrafikk i Langebruvegen skreiv eg, og fekk stort oppslag i Firda 25. mars 2017. Dette er snart 4 år sidan. Her vart mykje ståhei. Kjartan Myklebust hadde då halde på med informasjon og alternative vegløysingar i 4 år, no 8 år, og Oddvar Etnestad fronta Naturvernforbundet sin motstand for 10–12 år sidan. Det er såleis heilt feil som enkelte kjem med, at vi er seint ute. Men med den arroganse ein vert møtt med på rådhuset i Førde, ved ordførar Grotle og kommunaldirektør Østenstad, er det ikkje lett å nå fram. Dei er begge ballettdansarar for Statens vegvesen, som ikkje tenker byplanlegging, men vegen skal fram, gjennom sentrum utan tanke for svevestøv, larmande trafikk og lite trivsel for folk. Her fortettar ein sentrum der folk skal bu, i same gatene som trafikken vert slusa gjennom. Byplanlegging på sitt beste.

Eg var med i 2017 å skipa gruppa; for trivsel og god trafikkavvikling i Førde, for revisjon av Førdepakken. Vi fekk ved ein stand nokre dagar i då Førde kommune 1107 underskrifter. Desse vart overlevert Førde kommune. Politikarane gjorde ingen endringar. No har eg vore med i ei ny gruppe i eit opprop for å revidere Førdepakken med vel 1700 underskrifter, dei fleste registrert på Facebook, desse no overlevert til Sunnfjord kommune.

Det er ingen hindring for å revidere Førdepakken.

Dette er uttalt offentleg, blant anna av ein stortingsrepresentant. Så lokalpolitikarar de har hatt god tid til, og revidert Førdepakken. Men er viljen til å gjere det, eller har ordførar Grotle og de andre politikarane late humla suse og gjeve utviklinga av Førde sentrum over til styret i Førdepakken og Statens vegvesen.?Set de som folkevalde utan makt og styring, for utviklinga, så må dette vere skikkeleg flautt. Eg reknar med at politikarar og administrasjon har vore og sett graving for brua som kjem, ca. dobbel så brei som Langebrua, klint opp mot Førde Helsetun. Utruleg også at fylkesmannen kunne godkjenne ei slik køyrebru med denne dimensjonen, tvers gjennom eit våtmarksområde med fugleliv.

Sykkelbyen Førde står no framfor eit skjebneval på torsdag. Det gjeld bygging av bru over Jølstra frå Førdehuset til Hafstadparken. Med ei berekna køyrebru her, vil det skje vandalisme, uansett kva alternativ som vert valt; arealet framfor Førdehuset, eller kunstverket Laksen. Vi som har arbeidt for å revidere Førdepakken, har føreslege ei sykkel- og gangbru her. Dette er det som er fornuftig. Politikarar bruk sunn fornuft, eg veit de har den, men bruk den no. No står det og fell på omdømebygging av Sunnfjord kommune. Det har det ikkje vore for mykje av, i den nye kommunen etter valet, med forhandlingar / kjøp av posisjonar, grådigheit og skyhøge honorar.

Hafstadparken den nye bydelen treng køyrebrua over til Angedalsvegen for vidare utbygging, vert det hevda. Det går mot jul, trur politikarane at vi vanlege innbyggarane skal tru på julenissen. Kor mange bustadeiningar er bygt i Hafstadparken til no. 150 bustadeiningar skal det verte totalt iflg. Firda 3. juli 2015. Treng desse ei eiga bru? Eg stiller spørsmålet til plan- og utbyggingssjef Odd Harry Strømslid. Det er stadig snakk om desse rekkefølgekrava. Det er vel heller snakk om truverdigheit. Eller ligg føre her hemmelege utbyggingsavtalar så må dei fram i lyset. Dette må ordførar Grotle svare på, vi skattytarar har krav på full informasjon.

Eg kom til Førde i 1971, som forretningsførar for då Førde Bustadbyggelag. I løpet av ein 10 års periode vart Bergum, Haugum, Stranda, Øvre Stranda, Hundvebakke, og Stykkje Borettslag bygt.

Seinare vart Hornnesbøen utbygt, og nokre private blokker. Med desse utbyggingane og den eldre bygningsmassen, er her ca. 500 bustadeiningar i dette området. Desse hadde ei dårleg og stygg innpåkøyring til riksveg 5, i fleire 10 år, før rundkøyringa på Bergum vart fullført for eit par år sidan. No er Murihagen planlagt med 68 husvære. Her er ikkje sett byggestopp.

Omdømebygging er det Sunnfjord kommune treng no. Start då med å gjere om vedtaket om bilbru over Jølstra. Det framtidige Førde treng ei gang- og sykkelbru frå Førdehuset til Hafstadparken.

Lokalpolitikarar utset denne saka, få skikkeleg utgreiing av ei gang- og sykkelbru, spar store pengar, løft blikket, å gå inn i framtida med løfta hovud og ei god jul.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken