SV, med Berthelsen i spissen, ønskjer å sette ein fot i bakken og vurdere kva tiltak som gjennomførast i Førdepakken. Greitt nok, men så kjem det an på kva ein legg i . Strengt tatt er det lite vi gjere. Vi kan la utviklinga gå sin gong utan vidare styring. Men ønskjer vi ei hand på rattet i utviklinga av Førde sentrum, er det tiltak vi bør gjere.

Les også

Gang- og sykkelbru – og ikkje bilbru over Jølstra

Før ein stoppar heilt opp, kan det vere greitt å ta eit steg tilbake, og sjå på kva som er formålet med Førdepakken.

Målet med Førdepakken er å:

  • sikre ein miljøvenleg og stabil trafikksituasjon i Førde
  • leggje til rette for fortetting og byutvikling

Det vil sjølvsagt alltid vere ulike meiningar om korleis utvikle ein by. Uansett eg vil tru at dei aller fleste vil at sentrum skal kunne utviklast, og at den utviklinga skal skje der sentrum er og ikkje andre stadar.

Det er vanskeleg å skulle oversjå at store delar av sentrum har vore, og er, blokkert av ulike rekkefølgjekrav. I praksis betyr det at ein kan ikkje bygge meir utan at ein samstundes har fleire vegar å fordele trafikken på. Ein kan alltids ha meiningar om det, og treng slett ikkje like det, men det er eit faktum.

SV sette eigentleg begge føtene i bakken for fire år sidan, og gjekk til val på at tiltak 1 og 12, høvesvis bruene ved Førdehuset og over Løken, ikkje skulle byggast. Det utan å eigentleg forklare korleis løyse rekkefølgjekrava, anna enn at vi bør køyre mindre bil. Det burde vi heilt sikkert, men for særs mange er det ikkje eit val mellom bør eller må.

SV ønskjer berre gang- og sykkelbru ved Førdehuset, ikkje bilbru. Hadde formålet vore at ein lettast mogleg skulle komme seg frå Førdehuset til Hafstadparken, og/eller omvendt, så hadde eg vore heilt samd. Men det er ikkje poenget med tiltaket. Illustrasjonen syner tydeleg kva som vil leggje til rette for fortetting og byutvikling, og kva effekt tiltak 1 og 12 har. No er tiltak 12 bygd, og mykje er løyst, men slett ikkje alt.

Førde er både kommunesenter og regionsenter, med alle dei funksjonane dette inneber for eit stort omland. Då må Førde ha gode løysingar for å handtere trafikken som følge med. Med dei tiltaka som er under arbeid er over halve Førdepakken bygd. No er ikkje tidspunktet for å snu opp ned på heile prosjektet. Skal Førde halde fram den gode utviklinga, er vi avhengig av eit gatenett som stettar trafikken.

Det er absolutt ingen som ønskjer å auke bomtakstane. Kombinasjonen av at mange har fleire passeringar i månaden enn makstaket, og at talet nullutsleppsbilar aukar, gjer at inntektene er lågare enn berekna. Samstundes har vi den siste tida hatt ein særs høg kostnadsauke. Dette veit vi gjer det krevjande å gjennomføre alle tiltaka. Men så er spørsmålet – kva er konsekvensen av å la vere? Det var strengt tatt eit retorisk spørsmål – for vi veit godt kva konsekvensen er.

Det er ein grunn til at brua ved Førdehuset vart planlagd alt på 90-talet, lenge før Førdepakken var påtenkt. For vi må vere så ærlege å sei at det er denne det handlar om. Nok ein gong. Vi veit at vi får ikkje avlasta Fjellvegen og Naustdalsvegen, og det blir ikkje meir utvikling i sentrum sør og Hafstad bydel, utan den. Brua svarar på begge hovudmålsettingane med Førdepakken. Det er ein grunn til at brua har prioritet 1 i Førdepakken. Ein treng ikkje like det, men det er eit faktum.

Les også

Førdepakken – kor blei det av spleiselaget?

Les også

Samarbeid og tillit er nødvendig for å fullføre Førdepakken

Les også

Rapport frå buskene