Det er mest utruleg kva politikarane har fått til av opprusting av veg- og gatenett i Førde utan i hovudsak å belaste offentlege budsjett. I eit spleiselag mellom stat, fylke, kommune og brukarar skulle brukarane i utgangspunktet betale 60 % av kostnadene gjennom bompengar.

I stortingsproposisjonen som ligg til grunn for mellom anna statens medverknad er det minna om at retningslinene for bompengeprosjekt føreset at det er samanheng mellom nytte og betaling, med understreking av at dette inneber at dei som betalar skal ha nytte av prosjektet og samstundes må dei som har nytte av prosjektet vere med å betale.

Denne samanhengen er det vanskeleg å få auge på når dei som bur sentralt nok i Førde slepp betaling, og etter ei usakleg samanblanding med klimapolitikk skal også eigarar av elbil gå fri eller få reduserte satsar.

Førdepakken er ikkje realisert får å oppnå nasjonale måltal i klimapolitikken, men for å betre trafikkforholda i Førde. Kva drivstoff bilane brukar har ingen ting å gjere verken med nytte eller slitasje på vegen. Å bruke type drivstoff som grunnlag for å sortere brukarane, må difor kunne karakteriserast som usakleg.

Ein annan føresetnad for Førdepakken var at dersom kostnadene aukar, ville det innebere at nokre av prosjekta ikkje blir gjennomførte. Når det no viser seg at kostnadene har auka, burde det vere eit spørsmål for heile spleiselaget om dei likevel vil gjennomføre prosjektet etter opphavlege planar.

I staden blir det no lagt opp til minste motstands veg ved å la dei som må betale bompengar ta kostnadene med fullføringa.

Frå behandling av saka i Sunnfjord kommunestyre går fram det at ei vidareføring av klimapolitikk og reduserte satsar for eigarar av elbil har sine talsmenn. Kor er talsmennene for dei som ikkje har sett seg råd til å nytte seg av statsstøtta kjøp av elbil, men som må pendle dagleg til jobb i Førde, og som no er tiltenkt heile rekninga for fullføring av Førdepakken?