Førdepakken i eit folkehelseperspektiv

Kva med å bygge ei badeland på halve Festplassen? spør Tor Vidar Myklebust. (Dronefoto av Festplassen, Jølstra, Laksen og Førdehuset med fotballbanene)

Kva med å bygge ei badeland på halve Festplassen? spør Tor Vidar Myklebust. (Dronefoto av Festplassen, Jølstra, Laksen og Førdehuset med fotballbanene) Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Den treige Sunnfjordingen

Det har vore mange innlegg i media om Førdepakken siste åra, og naturleg nok er folk flest litt seint ute. No er røynda belyst for dei fleste, og mange ser med gru på vegen som bokstaveleg talt vert bulldosert over Løken. Det er både godt demokrati og godt toppturvet å snu i tide, sjølv om ein nesten er framme!

Veg over Løken. Kva miljø vil vi ha mellom Løken og Førdehuset?

Campus Øyrane blir ein flott vidaregåande skule for vel 1000 elevar på indre Øyrane. Allereie no ber prosjektet om synspunkt på kva ein bør framheve i området. Ein ny bilveg forbi denne nye skulen er ikkje rett veg å ta. Langs aksen frå Løken til Førdehuset er det planlagt fleire hundre bueiningar. Desse kjem i tillegg til sjukeheimen og andre bygg som husar mange. Biltrafikk med støy, lukt, lys og støvpartiklar er uheldig for folkehelsa, og fører for enkelte til direkte vanhelse. Skal ein fremje trivsel og helse er det uforståeleg å bygge bilveg her. Fleire har sjølvsagt påpeika dette, og dessutan teke opp miljø- og dyreaspekt på Løken. Verdiar. Skal verkeleg bilvegane i 2021 trumfe trivsel og folkehelse i sentrum? Om vegen blir ferdig, så vil mange fleire køyre Angedalsvegen til Førdehuset (FH). FH med uteområde er eit fantastisk aktivum for Førde, og har vore det sidan 70- talet. Eit allbruksområde. Ei enkel gang- og sykkelbru frå FH til Hafstadparken vil derimot kople desse områda betre saman og auke verdien, ikkje minske den. Hafstadparken er i landstoppen på god folkehelse. Helge N. Ottesen har i Firda i haust skrive om problematikken med auka svevestøv, støy og lyd for våre unge og gamle som skal vere aktive i dette området. Dette er vel vert å ta inn over seg.

Idé for Festplassen.

Førde treng attraksjonar og tidtrøyte som gjer at bysentrum er aktivt også etter at butikkane stenger, og som er eit alternativ til forbrukarsamfunnet. For tida kjem det dessverre også forslag om parkeringshus på Festplassen. Eit badeland har vore omsnakka lenge. Kva om ein bygger badeland på halve festplassen? Halvparten av arealet kan nyttast til dagparkering, til sirkus, eller frukosttelt på Folkemusikkfestivalen. Badelandet kan stå mot aust på festplassen med glasfasade mot Laksen og Hafstadparken, i kanskje 10 meters høgde. Tenk å stå på det nye stupetårnet og sjå ned på heile laksen før hoppet! I Høyanger får dei dette til. Vi kan toppe det! Laksen er både kunst, identitet og litt magi, vi har berre aldri teke ut potensialet heilt. Men vi treng ikkje øydelegge verken Laksen eller fotballbana – viss vi vil.

Veg utanom Førde.

Det er i Naustdalsvegen og på Hafstadflata ein har opplevd aukande kø siste tiåra, særleg ettermiddagar. Naustdalsvegen har lite busetnad tett inntil seg, og ein lyt nok akseptere at riksveg 5 må gå gjennom Førde sentrum. Kjartan Myklebust har i fleire innlegg i Firda synt at Naustdalsvegen lett kan utvidast til fire felt, med små inngrep og relativt liten negativ innverknad på miljøet rundt. Ein slik veg, gjerne med rundkøyring ved Handelshusa, vil sluke mykje trafikk. Er ein i tvil, så sjå på trafikkflyten ved Ikea i Åsane ein laurdag. Gangbruer kan leggast over vegen, eller køyrefelt under.

Brua mellom Halbrendsøyra og Øyrane vil lette trykket ytterlegare for bilane, men også vere gunstig for alle dei mjuke trafikantane som skal til nye Øyrane Campus. Brua vil også gje store synergiar for lokalt næringsliv, og mindre intern arbeidsrelatert trafikk i Førde. Denne må med i potten!

Det står fram meir og meir riktig å få tunnel frå Førde Hotell gjennom Hafstadfjellet til Kronborg. Ei slik løysing vil avlaste sentrum og Fjellvegen godt. Hafstadflata er blitt fin etter siste oppgraderinga i haust, men det noko underleg at ein ikkje har laga ekstra bilfelt for effektivisering, når ei bilbru ved Førdehuset tydelegvis er så viktig.

Rekkefølgekrav.

Det vert hevda at utviklinga vil stagge utan utbygging av vegar og bilbruer. Det er vel noko underkommunisert kor små trafikkproblem Førde verkeleg er. Har ein budd nokre månader i større byar, så er Førde sine trafikale utfordringar for bagatellar å rekne. Er Vegvesenet sine spådomar for framtida verkeleg rett? Må vi tole så stor norm for tilkomst til bygg, når det berre er så korte tider på døgeret det gir kork? Kan det vere at folketalsstagnasjon er eit mykje viktigare problem å løyse? Skal vi sikre oss ein triveleg by som folk vil flytte attende til? Og er det riktig å tolke at framtidas byar skal planleggast ut frå (gårs) dagens biltrafikktankar? Eg trur som mange andre at vi tek styggeleg feil.

Sykkelbyen!

Vi treng ei bru til Halbrendsøyra, og vi treng ei sykkelbru ved Førdehuset. «Den gløymde brua» frå Førde Sjukehus til Hafstadparken står høgt på mi liste! Tenk å kunne sykle frå Vieåsen til sjukehuset, til Hafstadparken, bru til Førdehuset, forbi Førde Barneskule til sjukeheimen og så til Bohus. I fred og ro. Vidare langs elva ved Bohus mot ytre Øyrane, og vegen er kort til Øyrane og brua til Haldbrendsøyra. Ytre Øyrane er, og skal ytterlegare bli, teknologibasen vårt. Denne satsinga er utruleg viktig for framtidsFørde, og noko vi kan leve av når vi i framtida skal handle og forbruke mindre. Vi treng miljøriktig tilkomst til «Campus Verftet» og ein potensiell bydel der. Vi må knytte kompetansemiljøet på Nye Førde Sjukehus saman med høgskulen, Førdehuset, VGS på Øyrane og Campus Verftet. Dette er folkehelse som mange ulike professorar kan støtte!

REVISJONSFORSLAG – for auka trivsel og helse, om vi legg prestisje bak oss, og vil sjå framover mot tidene som meir truleg vil møte oss.

-Ta vekk bilvegen over Løken. Her skal folk bu, leve og lære!

-Bygg firefelts veg i Naustdalsvegen.

-Bygg tunnel bak Førde Hotell til Kronborg.

-Få E39 i tunnel gjennom Hafstadfjellet (Det fjernar 20–25 % av trafikken, mykje tungtrafikk)

-Bygg berre gang- og sykkelbru ved Førdehuset. Bevar areal for idrett og Laksen!

-Hegn om uteområdet kring Førdehuset og Festplassen. Ikkje kvel idear, men la dei bløme! Bygg heller parkeringshus i Hafstadfjellet.

-Bygg den viktige bilbru frå Øyrane til Halbrendsøyra. Den er bra for Campus Øyrane.

-Bygg gang og sykkelbru frå Førde Sjukehus ved Prehospitalt bygg- rett til Hafstadparken.

Førdepakken er no avleggs før den er fullbyrda. Mange av planane og linjene går snart ti år attende i tid, men pakken tek i svært liten grad inn over seg det grøne skiftet som er i ferd å med å endre samfunnet vårt. Eg meiner vi bygger vegar for eit folketomt sentrum i framtida, der ein har skusla vekk tidenes moglegheit for trivsel og modernitet. Skal vi i staden lage ein ny grønare «Sunnfjordpakke»?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken