Gå til sidens hovedinnhold

Førdepakken – alle omsyn må telje med

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Sunnfjord kommunestyre skal som sak handsame planfagleg råd, detaljregulering Hafstadparken-Angedalsvegen Bru.

Formannskapet stemde mot 2 røyster, ned forslag frå MDG og SV sine representantar om utsetjing av saka.

Med 6 mot 5 stemmer, gjekk formannskapet inn for at alternativ 7 skal leggjast til grunn for vidare detaljplanlegging. Opp mot dette stod forslag om å gå vidare med alternativ 5 som grunnlag.

MDG og SV leverte mindretalsanke, og saka kjem difor opp til vedtak i kommunestyret.

I debatten som har kome opp i etterkant av vedtaket i formannskapet, er det, som venteleg og rett er, i all hovudsak to element som har dominert. Alternativ 5 legg opp til berging av Laksen, det største land-art kunstverket i Noreg, der den ligg 65 meter lang, dugnadsbygd av Førdefolk, medan kunstgrasbana framom Førdehuset må omgjerast til 9ar-bane. Alternativ 7 vil sikre kunstgrasbana som framtidig 11ar-bane, men Laksen, som ikkje kan flyttast, ryk med.

Dette er mykje omtala av mange, og skal difor få ligge her.

Men, når kommunestyret skal handsama saka, må, representantane òg legge tilbørleg vekt på ei rekkje andre moment.

Det kan for det fyrste ikkje vere uvesentleg korleis ein løyser dei reint trafikale tilhøva, om ein fyrst skal gå til gjennomføring av eit tiltak rekna til kring 200 millionar, og med verknad for generasjonar framover. Rundkøyringsløysinga i alternativ 5 framstår langt meir logisk og smidig enn den meir «krøkkete» s-svingen ein får gjennom krysset i alternativ 7, ved køyring frå Hafstad mot sentrum. Ved å velje alternativ 5 vil ein dessutan få direkte avkøyring frå rundkøyringa til Festplassen, noko som ikkje vert råd om ein vel alternativ 7. Festplassen må då få eiga avkøyring frå Angedalsvegen lenger mot vest.

Vidare bør omsyn til kulturmiljø (den verna elveforbygginga mot Jølstra), landskapsbilete og naturmangfald vektleggast. På alle desse områda kjem alternativ 5 best ut. Med omsyn til naturmangfald kjem alle alternativa heller dårleg ut, men alternativ 5 likevel mindre dårleg enn alternativ 7.

Kostnadmessig kjem begge alternativ rimeleg likt ut, men alternativ 5 er likevel kalkulert litt i underkant av alternativ 7 (197 mill mot 200 mill).

Av oversiktsteikningane for alternativ 5 og 7, les eg ut at det fyrsta av desse vil gje rom for ei estetisk betre utforming av nærområdet framom Førdehuset enn alternativet som tek vare på 11ar-bana. Dette er òg verd å ta med når avgjerd skal takast.

Ved handsaming i kommunestyret vil det venteleg kome fram forslag om utsetjing av saka. I saksdokumenta ligg det slik oppmoding i uttale frå FramtidsFørde, som har henta inn underskrift frå meir enn 1700 personar, som ynskjer bilbruplanane bytt ut mot ei gang- og sykkelbru.

Dersom kommunestyret likevel vedtek at eit av dei framlagde alternativa med bru for bilar, syklande og gåande, skal vidareførast, er det så mange element som talar for val av alternativ 5, at dette, etter mitt syn, bør leggjast til grunn for den vidare planlegginga.

Vonleg kan representantane ta stilling etter overtyding om kva som er beste valet, og ikkje ut frå partiomsyn.

Les også

Val av brualternativ handlar om meir enn valet mellom 7-ar og 9-ar bane

Les også

– Førde treng ei vakker gangbru mellom Førdehuset og Hafstadparken

Les også

Laks eller idrett?

Les også

Laksen som landskapskunst og del av flaumsikring

Les også

Fekk 1712 underskrifter frå Framtidsførde . – Det markerer slutten på aksjonen

Les også

Ivar (73) var med og bygde Laksen. No vil han rive han

Les også

– Vi kan ikkje ofre folkehelsa

Kommentarer til denne saken