Gå til sidens hovedinnhold

Førdehuset eller Laksen

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Debattane rundt Førdepakken og dei ulike elementa i den er i ferd med å bli ein parodi. Mest fordi det ikkje blir evna å sjå at løpet er lagt av kommunestyret i Førde kommune for mange år sidan. Den aller største tabben blei gjort då ein tok framtidige løysingar for E39 og RV5 ut av Førdepakken. Den dagen vedtok ein at E39 og RV5 skal gå igjennom Førde sentrum for lang tid framover. Og det er dette Førdepakken no må finne gode trafikale løysingar på.

Bru over Jølstra frå Hafstad til Utstillingsplassen, vidare veg over Øyrane og tilknyting til Rv5 på ytre Øyrane er ein av hovudpillarane for å løyse noko av trafikkpresset på E39 og RV5 i sentrum. For å kunne fordele sentrumstrafikken på fleire trasear. Men ved detaljplanlegginga visste det seg at ei bru løysing, teknisk var mykje meir utforande enn det den første skissa la til grunn.

Ei rekkje løysingar har blitt lagt fram og forkasta. No står striden mellom alternativ 5 som vil ta av arealet til Førdehuset og alternativ 7, som vil ta deler av laksen. Sjølvsagt er dette utfordrande same kva ein vel. Men det er likevel slik at dei største negative konsekvensane for framtidig arealbruk i området vil ein få om ein vel alternativet 5 som kjem nærmast Førdehuset. Førdehuset og området rundt har vore Førde-og Sunnfjord kommune si kulturelle storstove i snart 50 år. Og vil vere det også for lange tid framover. Med dette som bakteppe meina eg at det bør vere klart som dagen at eit alternativ som tek av det allereie knappe arealet rundt Førdehuset til endå meir trafikkareal vil vere nok ei politisk arealplanleggings tabbe for Sunnfjord kommune.

I dette perspektivet meina eg at det som har minst negative konsekvensar er å velje alternativ 7. Der ein lyt ofre Laksen, flytte den eller lage den mindre. Reint arealbruks messig har dette alternativet svært lite negative konsekvensar for arealbruken i området. Bortsett frå at eit kunstverk i stein, forma som ein laks må vike. Sett ut ifrå eit føre var prinsipp med hensyn på framtidig utvikling av behova i og rundt Førdehuset så er det kun alternativ 7 som ivareteke dette godt nok. Forslaget om å flytte 11ar bana til Halbrend er ei avsporing i forhold til debatten om å sikre Førdehuset tilstrekkeleg areal i framtida. Det kan godt vere at 11ar bana i framtida må vike plass for nye utbyggingar i Førdehuset. Men det vil då måtte skje ut ifrå eit totalvurdering av behova i og rundt Førdehuset og ikkje fordi at 11ar bana skal omdisponerast til trafikkareal for at friområdet rundt Laksen skal ligge urørt.

Vi må gjere noko, sa folk. No arrangerer Hans Jakob demonstrasjon for Laksen

Kunstnaren: – Kommunen har ikkje utnytta potensialet

Meir enn Laksen står på spel

Omdømmefall eller kunstapplaus?

Førde IL: – Ikkje plass på Halbrend

Kommentarer til denne saken