Tok sine første padletak på Førdefjorden

IVRIGE: Kristine og Henriette gleder seg til å komme ut på fjorden måndag morgon.

IVRIGE: Kristine og Henriette gleder seg til å komme ut på fjorden måndag morgon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Totalt 40 born er med på kajakkskule i sommar.

DEL

– Eg håper eg dett uti.

– Ja, eg og litt. Einaste eg er redd for er at det kanskje er litt kaldt vatn.

Åsfrid Bakke Grimeland (9) og Sanne Furesund Grimeland (9) er to av fjorten elevar på Go'Kajakk og Sunnfjord Kajakklubb sin kajakkskule denne veka. Dei har aldri vore ute i kajakk før, men er ikkje nervøse for å ta sine første padletak.

– IKKJE VANSKELEG: Verken Åsfrid (t.v.) eller Sanne (t.h) trudde det kom til å vere noko særleg vanskeleg å padle i kajakk.

– IKKJE VANSKELEG: Verken Åsfrid (t.v.) eller Sanne (t.h) trudde det kom til å vere noko særleg vanskeleg å padle i kajakk. Foto:

– Mykje mot

– Her køyrer dei på!

Øyvind Korsøen driv Go'Kajakk i Førde. Då Firda kjem på besøk, er han i full gang med å vise borna korleis dei skal komme seg ned i kajakken. For mange blir dette deira første padletur. Likevel er mesteparten ivrige og vel sine eigne, raskare teknikkar for å komme seg ut i båtane.

– Her jobbar vi etter ordtaket «learning by padling», ler Korsøen, men legg til at dei skal ta det roleg no i starten.

Dette er fjerde året han held kajakkskule i sommarferien, og interessa har auka kvart år.

– I år har eg kurs i tre veker med om lag 40 elevar totalt, men i 2014 hadde eg ikkje meir enn to veker med ti born, seier Korsøen som i år måtte til med venteliste då han ikkje hadde kapasitet til å ta med alle som ville vere med på kurset.

Også fire unge instruktørar er med, Aasmund Leirhaug, Matias T. Bjørnhaug, Jenny og Gunhild Daling Korsøen. Dei er alle mellom 16 og 18 år og, og er lærde opp av Korsøen sjølv.

FØRSTE GONG: Madelene Vefring (i båten) tok sine første padletak på instruks av Øyvind Korsøen (t.h).

FØRSTE GONG: Madelene Vefring (i båten) tok sine første padletak på instruks av Øyvind Korsøen (t.h). Foto:

Ute heile dagen

I dag skal kajakkgjengen padle i Førdefjorden. I løpet av veka skal dei gjere mykje forskjellig, og men alt skal skje ute.

– Det blir litt som ein friluftsskule. Vi skal ete lunsj fleire stader langs fjorden, padle opp elva Jølstra der dei som vil kan få hoppe frå brua ved Festplassen. Elles skal vi bade masse og ha mange padleleikar. Vi likar å halde det litt spontant og la ungane finne på ting litt som dei vil, forklarar Korsøen.

Somme av ungane skal i løpet av veka padle den heile åtte kilometer lange turen ut til Erdalen og tilbake.

OGSÅ VINTERSPORT: – Desse båtane brukar vi når vi spelar vasspolo i Førdehuset om vinteren, fortel Korsøen.

OGSÅ VINTERSPORT: – Desse båtane brukar vi når vi spelar vasspolo i Førdehuset om vinteren, fortel Korsøen. Foto:

Kaptein på eiga skute

Ifølge Korsøen er det mange element ved kajakkpadling som ungane set pris på.

– Ein får jo vere kaptein på eiga skute. Dei har på våtdrakt og redningsvest og når vi blant anna skal flyte med straumen i Jølstra, vil dei få kjenne på kreftene i vatnet på ein heilt annan måte. I løpet av veka kjem dei til å bli mykje meir sikre på seg sjølv på og i vatnet, meiner han.

Ifølge ungane sjølv er det tre ting dei gler seg mest til denne veka.

– Mat.

– Bading.

– Å padle.

Alle saman skrik i kor, men dei klarar ikkje heilt å bli einige. Men ein ting er sikkert, sjølv om vatnet er kaldt, er dei ikkje redde for å hamne uti.

GØY: Jakob Storøy (nesten 9) synest det var gøy å sitte i båten.

GØY: Jakob Storøy (nesten 9) synest det var gøy å sitte i båten. Foto:

FIN FLÅTE: Etter litt om og men, greidde dei ferske båtførarane å stillle riktig så fint opp. Frå venstre: Simen Furesund Grimeland, Aasmund Leirhaug, Kristine Drage, Henrik Åmot, Martin Hafstad, Sturla Nyhammer Myrhol, Ulrik Huseth Klakegg, Mathias Sæterdal Steen, Mathias T. Bjørnhaug, Henrik Hafstad, Henriette Drage, Sanne Furesund Grimeland, Madelene Vefring, Oskar Sygna, Jakob Storøy, Åsfrid Bakke Grimeland og Jenny Daling Korsøen.

FIN FLÅTE: Etter litt om og men, greidde dei ferske båtførarane å stillle riktig så fint opp. Frå venstre: Simen Furesund Grimeland, Aasmund Leirhaug, Kristine Drage, Henrik Åmot, Martin Hafstad, Sturla Nyhammer Myrhol, Ulrik Huseth Klakegg, Mathias Sæterdal Steen, Mathias T. Bjørnhaug, Henrik Hafstad, Henriette Drage, Sanne Furesund Grimeland, Madelene Vefring, Oskar Sygna, Jakob Storøy, Åsfrid Bakke Grimeland og Jenny Daling Korsøen. Foto:

Artikkeltags