Protesthorn til Øyafestivalen

LARM: Hornet kan spele så høgt som 130 dB, målt 10 meter ifrå hornet.

LARM: Hornet kan spele så høgt som 130 dB, målt 10 meter ifrå hornet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Lydhornet «Desibel», laga i protest mot fjorddeponiet i Førdefjorden, skal bade hovudstaden i lyd under Øyafestivalen.

DEL

Det er ikkje berre musikk og drikke som er i hovudsetet når Øyafestivalen blir arrangert i Oslo for 17. gong. Øyafestivalen prøver også å lage rom for kunst av andre slag og har i år invitert Torkil Sandsund frå Dale og hans gedigne horn «Desibel» på festivalen.

– Det er veldig kjekt, det er eit flott horn og det er fint at det blir vist for mange folk, seier Sandsund

Opnar festivalen

Sandsund fortel at han ikkje laga hornet åleine. Han var produsent og finansierte prosjektet, medan Geir Hjetland stod for konstruksjonen, Bjørn Kolbrek var lydingeniør, Wenche Wefring stod òg for produksjon. Hornet vart laga til Vevringutstillinga i 2009 som ein protest mot fjorddeponiet i Førdefjorden.

– Vi ville lage noko stort som viser støyen som kjem til å komme frå gruvedrifta, seier Sandsund.

«Desibel» er 10 meter langt, veg 2 tonn og er med det eit av verdas største lydhorn. Under festivalen skal hornet opne festivalen med ein ny fanfare kvar dag.

Veit du kor høgt du får lov til å spele?

Nei, eg veit ikkje, men hornet er designa for å spele i eit fjordbaseng der lyden kan kastast mellom fjella. I ein by er det annleis, med fleire hindringar, så eg veit ikkje kor langt lyden ber. Vi skal prøve å vekke litt oppsikt.

Forsøkt meldt til politiet

Oppsikt har hornet fått tidlegare. Under Festspillene i Bergen i 2010 vart «Desibel» nesten meldt til politiet av miljøforkjempar Kurt Oddekalv for lydforureining.

Øyafestivalen ville òg få fram den politiske bodskapen som ligg bak produksjonen av hornet:

- «Desibel» spelar ut over byen kvar dag rett før konsertane begynner i Tøyenparken. Dette som ein fanfare og protest mot rovdrift på naturen, men òg som ein kommentar til dei menneskeskapte klimaendringane generelt, skriv Øyafestivalen på sine nettsider.

Hornet skal spele musikkstykke av komponistane Maja Ratkje, Svartsinn, Skrap og Sandsund sjølv.

I byrjinga av august skal Sandsund køyre hornet ned til Oslo så det er speleklart til 8. august.

Artikkeltags