I Firda den 26. november hadde Rolf Losnegård eit innlegg med tittelen «Å drepe ein fjord», der han skildra fiskelivet i Dalsfjorden, i tidlegare tider, men som no har døydd ut i deler av fjorden. Han finn også grunnen for fiskedauden. Og så fryktar han at Førdefjorden vil lide den same skjebnen. Losnegård har ein teori om kvifor det er blitt slik, at det er oppdrettsanlegga og forureining frå desse som er årsaka.

Men no har det seg slik at Førdefjorden har vore fiskedaud i mange år, lenge før det kom oppdrettsanlegg her i fjorden. Og no kan eg fortelje ei historie om kva som kan vere grunnen til det. Denne historia begynte på den tid eg var liten, på 50-talet. Då voks eg opp på Helleneset, ein plass om lag midtvegs mellom Førde og Florø.

Eg var berre ein gutonge som hadde dragning til sjøen og fjorden, der eg kunne fiske. Men var for liten til å reise ut med båt, men i båtstøa var det også fisk, som eg kunne fiske etter. Der var småfisk som var for liten til matfisk, men som kattemat var den stor nok. Dette var fiskeyngel, på 10–12 cm lengde, som hadde gode oppvekstvilkår langs strendene den tida det var rein sjø. Etter kvart vart eg no eldre og fekk vere med dei som eldre var, og om sommarkveldane var det å dra på sjøen og dorge etter pale og småsei. Og fangsten kunne vere nok til eige bruk og vel så det og vi var nøgde med det. Om våren var det årsvist at det kom innsig av stor sei, så då var det livleg med mange båtar på fjorden frå Ålesundet og over mot Gjøringbøvika. Og alle fekk fisk, så mykje dei ville. Dette fisket kunne vare nokre veker.

Men den tid er for lengst forbi, når det var mykje liv ved og i fjorden. Sjeldan ser eller høyrer ein måse eller anna sjøfugl. Niser, som ein kunne høyre og sjå dagleg er også borte. No hender det at det kjem inn fjorden ein liten flokk med spekkhoggarar, som fer inn fjorden, snur og fer ut att. Ein og anna skarv kan sjåast, som står på ein topp å flaksar, for å tørke vengene.

Då eg vart eldre og reiste bort hadde eg mindre kjennskap til kva som skjedde på og i sjøen heime. Når eg så kom tilbake etter eit par tiår og fekk meir kontakt med heimeplassen oppdaga eg at livet ved og i fjorden hadde endra seg. Småfisken i fjera var borte, pale og småsei, torsk, lyr og anna fisk var det lite eller ingen å få på snøre eller med garn.

Dette skjedde på den tid då Førde var i ferd med å vekse, og det var ei ønskt utvikling. Førde skulle vere og blei utbyggingssenter. Det medførte stor bustad- og forretningsutbygging. Då kom «Ankerløkken», flyplass og anna industri. Stor utvikling og aktivitet over alt. Det er vel ikkje tvil om at dette måtte merkast med omsyn til utslepp av kloakk og anna forureining. Også utover langs fjorden vart det på denne tida auka utslepp frå busetnad og landbruk. Alt måtte gå i sjøen og fjorden. Det er vel ei kjent sak at kloakkutslepp i Førde gjekk med dårleg reinsing i rør eit kort stykke utom kaiane den første tida. Så kom også avsig frå bossplassen på Einestølen.

Så kan ein tenke seg, kvar vart dette av. Svaret er enkelt, alt flytande må fare ut fjorden, og langs strendene, der fjordfisken har sine gyteplassar og fiskeyngel skal vekse opp. Så dette er min teori om årsaka til at her lite fisk i fjorden.

Då er det ein kan undre seg over korleis nokon kan hevde at Førdefjorden er ein fiskerik fjord, som vert lagt aude om det vert slept stein ut på 350 meters djupn i Vevringsfjorden. På denne djupna er det så godt som stillleståand sjø utan påverknad av straumen i øvste sjølag.

Å drepe ein fjord

Les også

Det skal koste å forureine ein fjord