Dei sju Førdefjord-aksjonistane som nekta å godta bota etter aksjonane i Vevring i mai må betale ei bot på 12.000 kroner. I tillegg må dei betale mellom 1000 og 2000 kroner i sakskostnader. Det er klart etter at dommen frå Sogn og Fjordane tingrett vart offentleg torsdag.

Dette er den første gruppa av aksjonistar som får saka si prøvd for tingretten.

– Vi visste heile tida at aksjonane kunne resultere i bøter, men det er verdt det.

Det skriv den første aksjonisten som blei arrestert, Aleksander Snarheim i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.