Festivaldottera Ragnhild kunne ønske ho kunne vere frivillig heile livet

Som dotter til festivalsjef Hilde Bjørkum er Ragnhild godt kjend med det ikoniske skiltet.

Som dotter til festivalsjef Hilde Bjørkum er Ragnhild godt kjend med det ikoniske skiltet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

- Det er dritfett å engasjere seg, meiner festivaldotter og generalsekretær i Elevorganisasjonen Ragnhild Bjørkum Vassbotn (19).

DEL

– Eg har alltid sagt ja til nye moglegheiter, eg klarer ikkje å seie nei. Det er litt farleg, men er stort sett berre kjekt, seier Ragnhild.

Vi sit midt i gangen utanfor Førdefestivalen sitt hovudkontor, og det er stadig vekk ein kjenning som skal helse på Ragnhild. Som nittenåring har ho allereie vore frivillig i ei årrekke, og ho kjenner dei fleste. Med ei mor som er festivalsjef vart ho praktisk talt født inn i Førdefestivalen.

– Det kan hende folkemusikk vert oppfatta som litt nørd, det spørst kven du spør. Men eg trur den trenden er i ferd å snu litt. Ungdom er blitt meir nysgjerrige og opne til å prøve nye ting.

Fele til frukost

Kunst, kultur og musikk var ein stor del av oppveksten, og heime har Ragnhild eit bilde av fire år gamle seg som spelar på ei alt for stor fele. Då ho endeleg fekk starte med feletimar som sjuåring var læraren det lokale folkemusikk-ikonet Sigmund Eikås, som allereie hadde vore middagsgjest hos familien i mange år.

– Eg er berre veldig glad i musikk. Mamma likte å vaske golvet til lyden av hardingfeler eller verdsmusikk kvar søndag, og CD-samlinga vår er sinnssjuk.

I år har ho tittelen "Superfrivillig" på festivalen, ei rolle som går ut på å vere potet.

I år har ho tittelen "Superfrivillig" på festivalen, ei rolle som går ut på å vere potet. Foto:

Då ho flytta til Oslo var det ei sjølvfølge at hardingfela skulle med.

– Eg merkar at eg ikkje øver like mykje no som då eg gjekk på musikklinja på Sandane. Dei eg bur med har ingenting imot at eg øver heime, men eg har følelsen av at det ikkje er like gøy å høyre meg spele skalaer i 30 minutt i strekk.

Ja, eg er med

Ho begynte å hjelpe til med festivalen i 5. klasse, og har elles vore med på mykje i oppveksten. Frå dans og musikk til å vere frivillig på kappleikar, verv i 4H og to år som «Ung Arrangør» og deretter «Veteran-Arrangør» for UKM på lokalt og nasjonalt plan.

Ho er både energisk og veltalande, og dei er truleg nokre av kvalitetane som gjer at ho nyleg har inntatt rolla som generalsekretær i Elevorganisasjonen (EO).

- Det var gjennom elevrådet at eg vart kjend med EO, nærmast tilfeldig. Vi måtte sende ein kandidat til årsmøtet i fylket, og eg rekte opp handa og tenkte «kvifor ikkje»? Eg ante knapt kva EO var for noko.

Det føl mykje arbeid med å engasjere seg, men Ragnhild er ikkje i tvil om at det er verdt det.

Det føl mykje arbeid med å engasjere seg, men Ragnhild er ikkje i tvil om at det er verdt det. Foto:

Deretter balla det på seg, og ei hand rekt opp i været vart til styreverv i fylket, leiar i fylket, verv på nasjonalt plan, og i vår vart ho vald på elevtinget som ein av dei to leiarane i organisasjonen.

– Det er eit heilt spesielt miljø på kontoret. Når du har 13 atten-, nitten- og tjueåringar samla i eit rom vert det nesten som å vere tilbake i ein godt samansveisa skuleklasse. Forskjellen er at vi alle jobbar der frivillig fordi vi verkeleg brenn for det vi gjer. Eigentleg kunne eg ønske eg kunne jobbe som frivillig heile livet, men det går jo ikkje når eg skal ha ein stad å bu.

Lært mykje utanom skulen

Ho seier gledeleg ja til det meste ho får tilbod om, men med tida har ho vorte flinkare til å sette grenser og ta vare på seg sjølv.

– Det er slitsamt å skulle vere med på alt. På vidaregåande gjekk dagane ofte i eitt med jobbing, og eg gjorde gjerne litt meir enn det eg har kapasitet til. Du klarer sjeldan å gjere ditt aller beste heile tida når du har for mange ballar i lufta, og då er det viktig å kunne prioritere det viktigaste.

Det er tradisjon at EO-styret ikkje sit spesielt lenge, då poenget er at dei bygger på eigen erfaring frå å vere elev.

– Eg har fått mykje livserfaring som eg ikkje hadde fått på skulebenken. Men eg må vel begynne å studere etter dette året! Truleg noko innan kunst, kultur og musikk. Eg har ikkje bestemt meg, men eg veit eg vil tilbake til musikken.

Artikkeltags