Førde kryr av musikkglade festivalgjengarar

07. juli 2017, kl. 15:33

Fredag var det gratiskonsert i Førde sentrum, kor eit knippe artistar ifrå Førdefestivalen samlast for å opptre med nokre små smakebitar av det ein kan vente seg på dei større konsertane. – Dette var veldig fint, det er ikkje ofte ein ser så mykje liv her i byen, seier Ina Smørdal, som er ein av mange som har teke turen tilbake til Førde i sommarferien. Her kunne både barn og vaksne glede seg over eit variert innslag av musikksjangrar frå den store verda.