Trass i at fredagens kamp ikkje var ferdig før klokka nærma seg 23:00 var det mykje folk og god stemning gjennom heile kampen i Førdehuset fredag kveld.
Vant 3–1
Dei frammøte fekk sjå eit Førde-lag som omsider drog i land sigeren 3–1, med settsiffera 25–11, 21–25, 25–19 og 25–21.
Gjennom kampen viste Førde mykje godt spel og stor offervilje. Oskar Raftevold var ein av dei som gjekk føre i krigen, då han ved ei anledning slengde seg i reklameskiltet for å halde ballen i spel.
Førde var tydeleg misnøgd med dømminga ved fleire anledningar, og konfererte med dommar, utan hell.
– Eg er veldig nøgd med første sett og dei to siste. I andre sett rota vi det til med nokon bytte som ikkje var nødvendig, sa trenar Jan Egil Tvinde etter kampen. Han var ikkje bekymra for at Førde gav bort eit sett og kunne fortelje at han er optimist før søndagens kamp mot Stod.
Til dels nøgd
Mathias Loftesnes var ein av Førde spelarane som sto fram under fredagens kamp. Han var ikkje heilt nøgd med egen innsats.
– Eg er til dels nøgd med det eg gjer i dag. Eg kjenner eg blir betre og betre for kvar kamp som går.
Ifølge Loftesnes var ikkje Førde spelarane påverka av at kampen blei forsinka grunna forseinkingar i U17 NM kampane.
– Vi spelte fantastisk i første sett så det hadde ikkje noko verknad på oss. ToppVolley var god og når vi var ustabile i mottaka i andre sett tok dei oss. Det skal ikkje meir til. Eg trur det skal gå bra for oss. Om vi ikkje slår Stod fortener vi ikkje semifinale.