Førde tapte 0–3 mot Øystese. – I dag er vi svake

TRE BAKLENGS: Førde og trenar Bjørn Totland tapte laurdag 0–3 for Øystese på bortebane.

TRE BAKLENGS: Førde og trenar Bjørn Totland tapte laurdag 0–3 for Øystese på bortebane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Førde gjekk på eit 0–3-tap for Øystese på bortebane. På eit kvarter i andre omgang slapp laget inn tre mål.

DEL

Både Førde og Øystese stod med eitt poeng på dei to første kampane for sesongen, men Førde sin første trepoengar let enno vente på seg.

Førde tapte nemleg 0–3, og alle Førde sine baklengsmål kom i andre omgang.

– Måla kom vel etter 70, 75 og 85 minutt. I dag er vi svake, når ein ser kampen under eitt. Vi spelar rett og slett veldig dårleg i dag, seier Førde-trenar Bjørn Totland etter kampen.

For mykje ein mot ein

Totland fortel at det vart for mykje ein mot ein, og at Førde ikkje jobba nok som eit lag. Sjølv om måla kom tett, så meiner han at Øystese ikkje «tok luven» av dei.

– Dei hadde eit bra trykk på oss rett før første scoringa, seier Totland, og fortel at den første scoringa kom etter ein klarering etter eit frispark som hamna hos ein Øystese-spelar. Den andre scoringa var ein overgang, med mann-mot-mann-feil.

Tabelleiaren i neste kamp

Neste kamp ventar tabelleiar Fyllingsdalen. Totland er rask å nemne at Førde slo dei i fjor, og fortel at han veit at laget er kapable til å slå dei att.

– Men då må vi gjere ting meir i lag. Når ein reagerer, så må alle reagere, seier Totland.

Også fire kampar i fjerdedivisjon

I tillegg til Førde sin kamp i tredjedivisjon, vart det også spelt fire kampar i lokal fjerdedivisjon. Referat frå desse finn du i Firda-liven.

Bremanger–Vik

Stryn–Fjøra

Studentspretten–Eid

Tornado Måløy–Årdal

Artikkeltags