Fleire stasjonar synte opptil 250 prosent meir nedbør i august

REGNTUNGT: Dette bildet er frå uvêret i Jølster. August månad vart ganske regntung totalt i landet, ikkje berre på Vestlandet.

REGNTUNGT: Dette bildet er frå uvêret i Jølster. August månad vart ganske regntung totalt i landet, ikkje berre på Vestlandet. Foto:

Av

Månadsnedbøren her i landet var 120 prosent av normalen i august. Fleire stasjonar, dei fleste på Vestlandet, fekk 200–250 prosent av den normale nedbøren.

DEL

Samtidig fekk enkelte stasjonar i Møre og Romsdal, Nordland og Troms berre halvparten av normalen, melder Meteorologisk institutt.

Månadstemperaturen for heile landet låg 1,7 grader over normalen. Relativt varmast var det på Vestlandet, i Trøndelag og Nordland, og dessutan i fjellet i Sør-Noreg med avvik på 2,5 til 3 grader over normalen.

Den høgaste maksimumstemperaturen, 30,6 °C, vart registrert 28. august på Åndalsnes – Kamshaugen (Rauma, Møre og Romsdal). 28. august er ny rekord for seinaste dato med tropevarme i Noreg. Den gamle rekorden var 26. august frå 1947. Det er sjeldan den høgaste temperaturen i månaden blir registrert så seint som den 28.

Sidan 1957 har noko tilsvarande, eller på seinare datoar, berre hendt i 1961 (30. aug.), 1966 (28. aug.) og 1974 (31. aug.).

Lågaste minimumstemperatur var -3,3 grader, og vart målt på Hovden – Lundane (Bykle, Aust-Agder, 841 moh.) 15. august.

Det er 13 år sidan den lågaste temperaturen var så høg som dette i august.

Artikkeltags