Fredag ettermiddag hadde Utrykkingspolitiet fartskontroll i Kusslia på E39.

– Kort fortalt stoppa vi fem stykke som fekk forenkla førelegg i løpet av 50 minutt. Den høgste målte farten av 76 km/t, seier Vereide.

Kontrollen blei avbroten på grunn av andre politioppdrag, men Vereide er ikkje overraska over talet på førelegg.

– Akkurat der har vi erfaring med at det er ganske mykje fartsoverskridingar, vi har tatt mange førarkort der. Det går for fort der, rett og slett. Difor kjem vi stadig igjen.

– Korleis ser du på at så mange bryt fartsgrensa i ei 60-sone der skuleungar ferdast?

– Det er absolutt ikkje bra. Det er ein grunn til at det er nedsett fartsgrense. Det er mjuke trafikantar og syklistar, som ikkje har nokon stad å gjere av seg der. Kvitstripa er siste skanse. Det er ikkje bra at fartsgrensene blir så lite respektert. Der er jo nokre veldig uoversiktlege avkøyrsler og påkøyringar der, som ikkje gjer det betre, seier Vereide og legg til:

– Vi kjem tilbake.

Les også: – Dette er det sjukaste eg har sett

Les også: På 2,5 år har 44 mista lappen på denne 15 km lange strekninga