Her får dei dommen

SPENNING: Rektor Hallgeir Hamre på Førde ungdomsskule les opp kven som kjem opp i kva til skriftleg eksamen. Nokon var nøgde, andre ikkje.

SPENNING: Rektor Hallgeir Hamre på Førde ungdomsskule les opp kven som kjem opp i kva til skriftleg eksamen. Nokon var nøgde, andre ikkje. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Det er alltid knytt spenning til kven som kjem opp i kva på eksamen.

DEL

Tiandeklassingane på Førde ungdomsskule er samla i auditoriet for å ta imot dommen. Alle håpar på å få sitt favorittfag til skriftleg eksamen. Rektor Hallgeir Hamre kjem fram og les opp resultata med alvorleg mine:

Han ser utover elevane og les frå lista. For 10A blir det norskeksamen, og 10B får engelsk.

– 10C kjem opp i ... matematikk, seier rektor Hamre.

Skuffelsen breier seg i salen.

Seinare går dei kvar til sitt og Linda Tonning, klassekontakt og mattelærar for 10C, talar til elevane:

– Eg reknar med nokre av dykk er nøgde og andre ikkje er så nøgde. Men gi gass, og så gjer de så godt de kan. Eg er sterk i trua, dette skal gå bra. Måndag byrjar vi med gruppearbeid, tysdag er eksamen. Men då er de ferdige, folkens, seier Tonning.

ROAR: – Gi gass, så gjer de så godt de kan, seier Linda Tonning til 10C.

ROAR: – Gi gass, så gjer de så godt de kan, seier Linda Tonning til 10C. Foto:

Håpa på engelsk

– Eg er litt skuffa. Eg hadde håpa på engelsk eller norsk. Eg føretrekker fag der vi må tenke litt sjølve, ikkje berre leite etter fasit, seier Steffen Laukeland.

– Eg er veldig skuffa. Eg likar ikkje matte og håpa på engelsk. Eg er ikkje så god med tal, men eg likar å snakke engelsk, seier Gard Hagen.

– Det er det same for meg, berre vi blir fort ferdige, seier Ine Raad.

– Det er det same for meg og, eg er like dårleg i alle fag, spøkar Maria Hoff Mortensbakke.

Tysdag er det skriftleg eksamen, ei heildagsprøve på fem timar og eitt kvarter. Heilt ferdige er dei likevel ikkje, for 1. juni er det munnleg eksamen.

DET VART MATTE: 10C på Førde ungdomsskule kom opp i matte. F.v. Maria Hoff Mortensbakke, Ine Raad, Gard Hagen og Steffen Laukeland.

DET VART MATTE: 10C på Førde ungdomsskule kom opp i matte. F.v. Maria Hoff Mortensbakke, Ine Raad, Gard Hagen og Steffen Laukeland. Foto:

3,3 er talet

– Dei får erfaring med å vere oppe til eksamen. Tidlegare var det berre eit utval av elevar, men no kjem heile klassa opp i det same faget, seier rektor Hallgeir Hamre.

Han seier vidare at det er ei enorm spenningsutløysing blant elevane og lærarane når det vert lese opp kva dei forskjellige kjem opp i.

No til dags er prøvene digitale, men matematikkeksamen har framleis ein del som må løysast på papir.

– På den digitale delen får dei lov å nytte pc. Dei har ikkje lov til å kommunisere, så telefonar og internett er ikkje lov. Mange av elevane fokuserer på toppkarakteren, men vi håpar dei tek med seg at det nasjonale snittet i matematikk er 3,3. Kjem dei over det, er vi nøgde, seier Hamre.

ELSKAR MATTE: Mattelærar og klassekontakt for 10C, Linda Tonning.

ELSKAR MATTE: Mattelærar og klassekontakt for 10C, Linda Tonning. Foto:

Ikkje oppteken av fasit

– Eg elskar matte og prøver å få elevane til å like det. Med denne gjengen har det gått godt. Eg prøver litt varierte arbeidsmåtar. Dette er ei stille klasse, så vi brukar mykje gruppearbeid. Eg er ikkje så oppteken av det rette svaret, men heller vegen dit. Eg er oppteken av at det kan vere fleire løysingar, og prøver å knyte det til situasjonar der dei møter seg sjølve, seier Tonning, som har tilleggsutdanning i matematikk.

Ho legg til at mange seier det ikkje er kjekt med matte, men at dei fleste likevel trivst når dei kjem i gang med det. Ho er likevel ikkje i tvil kva som er det vanskelegaste tiandeklassingane reknar på:

– Med ein gong det kjem bokstavar med i reknestykka er det mange som får hetta, seier Tonning.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken