Midt i treninga til VM i kettlebells mista Trine (18) to trekassar på foten

LIKAR Å PRESSE SEG: – Kettlebell er kjekt fordi det er ikkje sånn som vanleg trening, altså jogging, styrke og liknande. Det er svært tung og god trening, og eg likar å presse meg sjølv, seier Trine Ryland (18).

LIKAR Å PRESSE SEG: – Kettlebell er kjekt fordi det er ikkje sånn som vanleg trening, altså jogging, styrke og liknande. Det er svært tung og god trening, og eg likar å presse meg sjølv, seier Trine Ryland (18). Foto:

Av

FØRDE: Rett før jul fekk Trine Ryland (18) ein skade som vil få tydelege følger i februar når ho skal delta på VM i kettlebells i USA.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Trine Ryland hadde ein heilt vanleg dag på jobb i desember, då ho hadde eit klumsete augneblikk som i seinare tid fekk konsekvensar.

– Eg klarte å miste to tunge trekassar rett ned på foten. Det var veldig vondt, men eg tenkte ikkje noko meir på det. Over natta hadde foten hovna slik at eg ikkje klarte å gå skikkeleg. Så då var det rett opp på sjukehuset, der eg til slutt enda med ein gips. Det var utruleg kjedeleg, seier Førde-jenta som jobbar på Coop Extra.

Først var dei usikre på om det var brot i foten. Seinare fann legane ut dei at det ikkje var brot likevel.

–Eg har fått av gipsen. No går eg med ein støttesko med hard sole. Det er vondt om eg går mykje, men så langt har det gått fint å trene. Heldigvis kan eg trene med vanlege sko, for støtteskoen likar eg ikkje, seier Trine på trening.

Usikkert VM

20. februar reiser ho saman med to andre frå Førde Kettlebell Club til California for å delta på VM i kettlebells.

Trine smører inn kulene med kalk før ho skal løfte.

Trine smører inn kulene med kalk før ho skal løfte. Foto:

– Eg skal konkurrere i long cycle. Det er ei øving der du løftar to kuler over hovudet. Eg skal løfte to 16 kilos tunge kuler. Målet er å klare 100 repetisjonar på 10 minutt. Sjølvsagt ønsker eg å klare meir, men det står att å sjå.

Trine er spent på korleis nivået hos dei andre utøvarane er.

– Om det blir medalje det veit eg rett og slett ikkje, men eg håpar det. Det hadde vert kjempe kjekt å ta med seg ein verdsmeisterskap-medalje heim.

Les også: Så mange vil klatre med Håvard (18) at det er venteliste

Skaden har allereie fått konsekvensar for oppkøyringa mot VM, men Trine har enno håp og er motivert.

– Forhåpentlegvis vil ikkje skaden påverke utfallet i VM noko særleg, men eg ligg dårlegare an. Eg har gått glipp av viktige treningar. Forventningane er framleis slik dei var, men måla har blitt lågare fordi eg heng etter.

Konkurrert før

18-åringen har delteke på fleire konkurransar tidlegare.

– Eg har trent kettlebells ei god stund no, men eg begynte seriøst i januar i fjor. Sidan då har eg vunne fleire medaljar i konkurransar. Det er motiverande.

Her løftar Trine (18) to 18 kilos kuler i øvelsen long cycle på trening.

Her løftar Trine (18) to 18 kilos kuler i øvelsen long cycle på trening. Foto:

Det å konkurrere skapar blanda kjensler hos Trine.

–Det er sjølvsagt spennande og gøy, men det er eit augneblikk som ikkje er så veldig gøy. Det er rett før eg skal løfte. Då er kroppen fylt med nervøsitet og stress, men med ein gong eg får kulene i henda så kickar adrenalinet inn og då er alt bra.

Les også: Før fekk ho toarar i matte, no har Remah (17) fått sin første seksar

Artikkeltags