Slutt for Telenor i Førde

SLUTT: I dag får dei tilsette meldinga om at avdelinga deira forsvinn.

SLUTT: I dag får dei tilsette meldinga om at avdelinga deira forsvinn. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: I føremiddag kunngjer Telenor at avdelinga med 23 tilsette skal leggjast ned.

DEL

Nærværet til Telenor i Førde er blitt bygt ned over tid. No har konsernstyret hatt saka til behandling og vedteke at avdelinga i Førde, som arbeider med støtte for mobiltelefoni, skal leggjast ned.

Kost – nyttevurderinga får konsekvensar over heile landet: avdelingar i Stavanger, Steinkjer og Førde skal leggjast ned. Dei 23 arbeidsplassane her i distriktet skal flyttast til Telenor mobil si Rørvik-avdeling, som ligg i Nord-Trøndelag og har 110 tilsette.

Kontoret i Førde blir avvikla 31. mars 2017. Ifølgje Telenor skal dei tilsette få tilbod om å jobbe ved Telenors avdeling i Rørvik, og dei får også sluttpakkar som eit alternativ.

Harde ordelag

Espen Smistad, konserntillitsvald for El og It-forbundet i Telenor, meiner at det er sentralisering som ligg til grunn: det er større lønnsemd i å tilsetje nye i Rørvik enn å halde på eksisterande tilsette.

I ei pressemelding påpeikar forbundet at kvar nyrekrutterte tilsett vil få mindre for å gjere den same jobben, og nyttar sterke ord:

– At bedrifta gevinstreknar på å flytte arbeidet over til nyrekrutterte medarbeidarar i Rørvik, som dei har tenkt til å gje 150.000 kroner mindre i året for den same jobben, er rett og slett kynisk, og heilt forkasteleg.

Måndag føremiddag samlar Smistad sine medlemmer på Sunnfjord hotell for å overlevere den tunge bodskapen.

Heile arbeidsliv i Telenor

Slik Firda skreiv tidlegare i haust, har seks tilsette allereie valt å gå av med avtalefesta pensjon (AFP). På det tidspunktet ville Telenor sentralt korkje stadfeste eller avkrefte at desse vart dei siste som slutta.

Snittalderen på arbeidsflokken i avdelinga er 51 år, og består av gamle travarar og vikarar på korte kontraktar, som gjerne er yngre. På arbeidstakarsida påpeikar El og It-forbundet i pressemeldinga at dei eldste tilsette står i fare for å miste pensjonsrettar i AFP-ordninga.

– Konsekvensen for desse tilsette er eit tap på meir enn éin million kroner i pensjon. I eit selskap som skal halde fram med å eksistere, og som leverer gode resultat, er dette ein ny og råare personalpolitikk vi ikkje har sett tidlegare.

I eit tilsvar, ved informasjonssjef Anders Krokan, seier Telenor at nedskjeringa i Førde er eit ledd i effektivisering av bedrifta:

– Redusert arbeidsmengd som følgje av auka automatisering og storleiken på kontoret, har vore to av momenta vi har vurdert. Vi jobbar med å digitalisere og automatisere drifta vår, og dermed vert det behov for færre medarbeidarar.

Artikkeltags