Leverer veke og revy

Spente:  Artistkontakt Julianne Jenssen (f.v.), festivalsjef Benedicte Lunestad og bookingansvarleg Knut Branæs  ser fram til SuperVeka. Foto: Erlend N. Kristiansen

Spente: Artistkontakt Julianne Jenssen (f.v.), festivalsjef Benedicte Lunestad og bookingansvarleg Knut Branæs ser fram til SuperVeka. Foto: Erlend N. Kristiansen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Førde: Studentane lover full fest under årets SuperVeka. Så heftig at dei sjølv prøvde å flytte eksamen.

DEL

– No neste veke kjem vi til å bu her på skulen.

Orda kjem frå Benedicte Lunestad, sjukepleiarstudent og festivalsjef for årets SuperVeka på høgskulen i Førde frå 14.–17. oktober.

– Festival for alle

Festivalsjefen er godt nøgd med årets program, og trur dei har gode føresetnader for å lokke til seg andre enn berre studentar til festivalen. For ho er ikkje samd i at dette berre er ein studentfest.

– Dette er ein festival av studentar, for alle.

På musikkprogrammet har ein fredagen elektronika-virtuosen Martin Danielle i CLMD og popduoen Robin og Bugge, medan laurdagen kan by på det unge Oslo-bandet Disaster In The Universe i tillegg til Trang Fødsel, kjend for allsang-klassikarar som «Drømmedame» og «På fredag».

I tillegg har festivalen sin eigen kveld dedikert til ølsmaking og lokalmat, og så klart også ein SuperRevy.

– Revyen handlar om korleis tilflyttande ser på Førde. Der har vi med studentar, og for første gang, også førelesarar, fortel Knut Branæs, som er bookingansvarleg.

Frå festival til eksamen

Lunestad og dei åtte andre i styret brukar mykje av fritida si for å førebu den fjerde utgåva av festivalen.

– Eg og Knut er jo i praksis for tida, så er jo litt travelt for oss, seier Lunestad, som jobbar i Førde, medan Branæs er i Naustdal.

Artistkontakt Julianne Jenssen på si side får nok ein ekstra blå måndag. Etter fire dagar med festival, ventar eksamen i klinisk sjukepleie berre tretti timar etter festivalslutt.

– Vi skal la ho få lese litt på laurdagen, seier Lunestad.

Sjølv om studentane visstnok prøvde å flytte eksamen, måtte dei innsjå at det ikkje gjekk. Å flytte festivalen var heller aldri eit tema.

SUperveka 2015

14.-17. oktober på høgskulen i Førde. Arrangert av studentar, men er for alle

Artistar: CLMD, Robin og Bugge, Disaster in The Universe og Trang Fødsel

Har også øl- og lokalmat-kveld og Superrevy

Nærmare 80 frivillige

Artikkeltags