Førde mista tabelltoppen – tapte 1–2 mot Stryn

NY SKALP: Mads Wie scora det vinnande målet då Stryn slo Førde ut av cupen, men i serien vann Førde 5–0. Denne laurdagen fekk Stryn sin revansje for serietapet.

NY SKALP: Mads Wie scora det vinnande målet då Stryn slo Førde ut av cupen, men i serien vann Førde 5–0. Denne laurdagen fekk Stryn sin revansje for serietapet. Foto:

Måtte sjå Årdal ta tilbake tabelleiinga.

DEL

Førde vippa Årdal ned frå tabelltoppen førre helg, ved å slå sogndingane 3–1 på heimebane.

Denne laurdagen tok Årdølene plassen tilbake, etter at Førde snubla mot Stryn, medan Årdal vann 3–1 over Eid.

Første målet kom ikkje før rett før pause, og då var det Stryn som kunne gå i garderoben med ei leiing, ei leiing dei dobla etter berre fem minutt ut i andre omgong.

Førde greidde å redusere, men ikkje før det var spelt 89 minutt. Fleire mål vart det ikkje, og dermed måtte Førde sjå si solide sigersrekke bli broten.

Fullt referat frå kampen kan du sjå i vårt direktestudio.

Artikkeltags