Europacup-bragd i Førdehuset – banka ukrainske proffar

EUROPACUP: Førde viste ingen nåde mot Novator Khmelnytskyi! Framfor rundt 1000 tilskodarar i Førdehuset vann Førde 3-0.

DEL

Torsdag kveld debuterte Førde sine volleyballherrar i CEV Cup då dei hadde besøk av ukrainske Novator Khmelnytskyi i ein feststemt idrettshall i Førdehuset.

Turneringa er den nest største klubbturneringa i Europa, bak Champions League.

Fantastisk opphenting

Kampen starta jamt der laga tok eitt og eitt poeng kvar. Midtvegs rykte derimot dei ukrainske gjestane litt ifrå og leia i ein lang periode med 3–4 poeng.

Då Novator auka til 23–20 trudde nok dei fleste av dei mange frammøtte i Førdehuset at gjestane skulle ta det første settet. Då tok Branislav Djuric, Førde sin trenar, grep og lét Mathias Berntsen få prøve seg. Med nokre enorme servar var han høgst delaktig i at Førde snudde det og vann det første settet 25–23.

Ei glimrande opphenting og 1–0 til Førde.

2–0

Proffane frå Ukraina var skaka etter Førde si opphenting, og heimelaget heldt fram sitt gode spel utover i det andre settet også.

Laga følgde kvarandre tett gjennom dette settet også, men Førde ville mot slutten ikkje ha noko av at Novator skulle få utlikne til 1–1 i sett.

Med god støtte frå publikum og ein Vitor Macedo som serverte det eine følsame opplegget etter det andre drog heimelaget i land det andre settet også.

25–22 vart det til Førde, som kunne juble for 2–0 i sett.

Siger!

Med 2–0 i sett kunne Førde vinne kampen om dei også tok det tredje settet.

Og det starta godt!

Frå då Førde tok leiinga 13–9 og utover var det ingen tvil.

Heimelaget klarte å halde på den vesle luka utover i det tredje settet og det gjekk mot Førde-siger i den første av to kampar mot ukrainarane.

Litt spenning vart det heilt på slutten av settet då Novator reduserte til 23-24, men nærmare kom de ikkje.

Heimelaget fekk inn det 25. poenget og då løfta taket seg i Førdehuset. Om ikkje bokstaveleg, så iallfall kunne det kjennest slik.

3–0 til Førde over proffane frå Ukraina, og dermed har Førde eit godt utgangspunkt før returoppgjeret i Ukraina neste onsdag.

Artikkeltags