Den sjette utgåva av Arena Bowl i Førde, vart den til no største.

Men arrangør Robin Gjesdal har ikkje planar om at det skal stogge no.

– Vi lyt utvide. Neste år går vi for 1200 deltakarar, seier han til Firda, etter å ha sett Hafstad ta sigeren i skulekampen.

Stemning

Og det var lite å utsette på stemninga i Førdehuset fredag. Høgtalaranlegget spelte så det peip i øyrene, og dei frammøtte gjorde sitt beste for å bidra til å skape stemning.

Blant innslaga var det både musikalsk og sportsleg.

 

Cheerleaders

Blant underhaldningselementa som fekk mest merksemd, var heiagjengen, eller så kalla cheerleaders, frå dei to skulande.

Dei hadde danseoppvisning og brukte pausa til å måle krefter.

 

Og at rammene var noko som appelerte til spelarane, er det liten tvil om.

– Dette var heilt rått. Det er fantastisk trøkk i hallen, seier Nikolai S. Eikås, som var kaptein og quarterback på Hafstad.

Droppa NM

– Alle ein kjenner er til stades. Dette er noko eg ikkje ville gå glipp av, seier Øyrane-spelar Hans Fredrik Laache.

For han sin del var ikkje Arena Bowl det einaste idrettsarrangementet som konkurrerte om merksemden.

Han var nemleg kvalifisert til NM i symjing i Kristiansand også.

– Valet var enkelt. Eg vil heller vere her i hallen, enn å stå på pallen i NM. Dette er ikkje noko ein får moglegheit til ofte. Her er nesten 1000 tilskodarar og eit vanvitig trøkk, seier Laache.