Småknuffing på barar og Burger King

DEL

I løpet av natta har det vore ein heil del småknuffing i Sogn og Fjordane.

Den første meldinga tikka inn 22.20 hos operasjonssentralen i Bergen. Meldinga gjekk på dårleg stemning hos Burger King i Førde.

– Vi fekk vite at det var fire personar som var sinte på kvarandre, så politiet reiste ut. Der blei ein av personane vist bort, seier operasjonsleiar Stine Mjelde, og legg til at det var ein mann i 20- åra.

Ingen av dei fire brukte vald eller gjorde andre ting som gjer til at det blir oppretta sak.

Også i Sogndal var det hissig stemning laurdag. Ein ung mann på 18 år var i så dårleg slag på utestaden Meet Point at politiet reiste ut og fekk mannen vist bort.

I Aurland kom politiet over eit slagsmål i Vangen i Aurland. Her enda det med at ein mann i 50- åra blei vist vekk frå sentrum.

Dei som derimot oppførte seg eksemplariske natt til søndag, er dei 33 som blei stoppa i ein promillekontroll på Kjøs i Nordfjord. Her var alt på stell, melder Mjelde.

Artikkeltags