Skianlegga melder om flotte forhold, meteorologen ber folk halde seg inne

Løypene på Langeland Skisenter i Førde er ferdig preppa.

Løypene på Langeland Skisenter i Førde er ferdig preppa. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I helga er det venta strom og torden i fylket.

DEL

– I går var skiforholda overraskande bra, seier Even Hole, dagleg leiar for Jølster Skisenter.

Fredag kveld set skisenteret rekord ved å opne anlegget så tidleg i sesongen.

– Vi opnar to av dei tre heisane som vi har. Den nedste held vi stengt, seier han.

Familiebakken og Hauglandsheisen har godt med snø, medan Kvamsbakken er smal i midtpartiet.

Les også: No er løypene på Langeland klare

Laga 2000 kubikk med kunstsnø

– Vi har brukt heile førmiddagen på å kjevle ut kunstsnø i Kvamsbakken, seier Hole.

I alt har dei produsert opp i mot 2000 kubikk med kunstsnø dei siste to døgna.

– Det høyrest mykje ut, men det er det vi treng. Dette er det tidlegaste vi har opna skisenteret nokon gong, men det er grunnlag for å opne det. Så det er ikkje noko fusk, seier Hole.

Han forklarar at fredag har det vore mildvêr og gode skiforhold.

– Eg vil ikkje anbefala å køyre for full gass i Kvamsbakken, men det er trygt på alle måtar. Det kan hende at ein kjem borti ein stein, men slik er det alle plassar, forklarar han.

– Må leve med Vestlandsvêret

– Det at mildvêret kjem til helga er vi smerteleg klar over. Vi må uansett starte ein eller annan gong, seier Hole.

Han forklarar at i bakkane kjem det som kan reknast som sludd, og ikkje striregn.

– Vi tørr å starte med relativt gode forhold. No har vi køyrd over områda to gonger og maskina går på snø heile tida. Det er eit godt teikn. Eg er spent på om folk er interessert i å stille opp, seier Hole.

Mykje regn og mildvêr

– Det blir mildt sagt eit varierande helgevêr, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

Lågtrykket som no ligg over Island held på å bygge seg opp og er ifølge meteorologen, usedvanleg sterkt.

– Det kjem til å påverke heile Nord-Atlanteren. Vi merkar det fyrst seint fredags kveld med vindauke og ein nedbørsfront, seier han.

Dette vêret vil halde fram i natt og i morgon tidleg.

– Vi kjem til å sjå det spesielt i Sogn og Fjordane og Førde. Det vert ein kombinasjon av mildt vêr og ein del regn.

50-80 millimeter regn er venta mellom fredagskvelden og laurdagsmorgon.

Tore med hagl i

Dei høge temperaturane vil føre til snøsmelting. Kraftige byer kjem til å komme inn laurdags kveld og søndag.

– Det er fare for torden med hagl i – spesielt på søndag. Den dagen vert det ruskevêr. Utsette stader som på kysten og i fjella kan vente seg ein liten storm. Det er flott om folk kan halde seg inne i helga, seier Fagerlid. 

Artikkeltags