Før fekk ho toarar i matte, no har Remah (16) fått sin første seksar

LIKAR SEG: På ungdomsskulen sleit Remah med høgt fråvær og dårlege karakterar. På Mo og Øyrane vidaregåande har ho funne seg godt til rette.

LIKAR SEG: På ungdomsskulen sleit Remah med høgt fråvær og dårlege karakterar. På Mo og Øyrane vidaregåande har ho funne seg godt til rette. Foto:

FØRDE: For tre år sidan bestod karakterutskrifta av orda «ikkje beståttt» og «ikkje delteke». I dag ser Remah Almasri (16) fram til kvar skuledag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Ungdomsskulen var noko som fekk meg til å øydelegge livet mitt veldig mykje, sjølv om mykje var min eigen feil, seier Remah Almasri med eit hint av etterpåklokskap.

Det er tre år sidan Remah gjekk i niande klasse, då situasjonen var på det verste.

– På ein dårleg dag var det slik at eg ikkje vakna i tide uansett kor mange gongar mamma ropte på meg. Og då eg endeleg klarte å komme meg på skulen var eg der gjerne ikkje meir enn tre timar før eg ikkje orka meir. Slike dagar var det mange av.

Tidleg vaksen

I dag forklarar ho det best som kombinasjonen av hormon i ubalanse og eit overskot av ubrukt energi.

– Eg har alltid hatt veldig mykje energi i kroppen. Kvar dag fekk eg høyre «ro deg ned, ro deg ned», men kor skal du gjere av energien då, spør ho.

SVEISAR: Remah Almasri (16) demonstrerer kva ho har lært så langt på TIP-linja på Øyrane VGS.

SVEISAR: Remah Almasri (16) demonstrerer kva ho har lært så langt på TIP-linja på Øyrane VGS. Foto:

I slutten av andre termin i niande klasse var ting på sitt verste. Då ho fekk delt ut karakterutskrifta for terminen var arket fylt av orda «ikkje bestått» og «ikkje delteke».

– Ikkje berre tok skulen eit godt tak i nakken min, men alle organisasjonar i Førde som jobbar med ungdom bestemte seg for å blande seg inn. Dei laga eit heilt nytt program, der representantar frå BUK, politiet, FFT, UPI, PPT og barnevernet var samla i eit rom. Eg fekk sjå kor mykje handlingane mine påverka familien min, og eg roa meg meir ned. Eg innsåg kor sinnssjukt enkelt det eigentleg er å møte opp på skulen og å gjere ein heilt grei innsats.

Sidan har det gått gradvis oppover. For ikkje lenge sidan fekk ho sin første seksar i matte, etter å ha fått toarar på ungdomsskulen.

«Jenter som deg treng vi»
Angrar ikkje: – Det er ikkje tvil om at dette er noko for meg, seier Remah Almasri.

Angrar ikkje: – Det er ikkje tvil om at dette er noko for meg, seier Remah Almasri. Foto:

No går Remah på teknikk og industriell produksjon (TIP) på Mo og Øyrane vgs. Kvifor ho valde akkurat TIP veit ho ikkje. Då ho gjekk gjennom dei ulike studieretningane med ein rådgjevar var TIP den første linja ho fekk lyst å gå.

Rådgjevaren vart forbausa og minna Remah på at det framleis var to-tre fleire linjer å velje mellom, men då hadde Remah allereie bestemt seg.

– Det var ikkje før lenge etterpå at eg fekk høyre at «dette er ei veldig mannleg linje, det er berre gutar som vel TIP». Mamma fekk jo heilt sjokk då ho fann ut kva TIP er, og var heilt imot det. Men etter kvart aksepterte ho vala mine. Det er 2016, kvifor er det berre gutar som kan gå på linja?

SKIL SEG UT: Sjølv om ho er einaste jenta på ei linje dominert av gutar, ser ho ingenting gale i å ville ta seg bra ut.

SKIL SEG UT: Sjølv om ho er einaste jenta på ei linje dominert av gutar, ser ho ingenting gale i å ville ta seg bra ut. Foto:

På grunn av det høge fråværet og låge engasjementet hadde Remah eigentleg ikkje gode nok karakterar til å komme inn. I staden fekk ho sjansen til å bevise at ho var verd å gi ein sjanse.

– Eg måtte gjennom veldig mange møter for å komme inn. Allereie i niandeklasse kom det folk frå Mo og Øyrane Vgs. som intervjua meg for å vurdere meg.

Det var mange slike møter, men på det siste møtet fekk ho høyre at «jenter som deg treng vi på denne skulen».

Remah Almasri (16) demonstrerer kva ho har lært så langt på TIP-linja på Øyrane VGS.

Remah Almasri (16) demonstrerer kva ho har lært så langt på TIP-linja på Øyrane VGS. Foto:

I dag er det eit halvt år sidan ho begynte som einaste jenta i førsteklasse på TIP, og manglande motivasjon for skule er ikkje lenger eit problem.

– I dag er det å komme seg gjennom dagen 100 gongar lettare. Det er klart det er vanskeleg å trekke dyna til sides om morgonen når det er kaldt på rommet, men no har eg lyst til å stå opp.

Vert teken på alvor

Skulekvardagen er stort sett fordelt på teorileksjonar og timar på verkstaden. Og det er der Remah trivst best.

– Der er det slik du får eit ark med ein teikning på, du får materiale og litt hjelp viss det er ei maskin du aldri har jobba på før. Men elles er du heilt åleine og må jobbe, lære og skjønne oppgåva. Læraren står ikkje over skuldra di og masar om at det du gjer er feil, slik eg opplevde det på ungdomsskulen. Dei er sjølvsagt veldig flinke og tar jobben sin seriøst, men dei klarer også å stå og snakke med ein av elevane sine som om det var ein kompis. Eg opplever å bli tatt meir på alvor, i staden for at forholdet er basert på at «eg er stor og du er liten, eg har rett og du har feil».

– Vi får ofte høyre frå elevar at dei valde yrkesfag «fordi dei ikkje orka å gå studie». Er yrkesfag noko du vel fordi du er lat og ikkje har lyst til å jobbe?

– Det er eg ikkje einig i. Eg trur nokon av medelevane mine kom hit fordi dei hadde planar om å ikkje gjere noko, men etter ei stund har det snudd. No spring dei rundt og jobbar så mykje dei klarer. Du ser på dei at dei er bestemt og er på riktig veg, og har enda opp med å få ny motivasjon etter at dei eigentleg hadde gitt opp.

Artikkeltags