Les dette før du sikrar deg ballkjolen din

VIL STOPPE PRESSET: Marte Vingsnes (18) (t.v.) og Malene Hetle Hole (18) meiner det er på høg tid å ta eit oppgjer med bruken av dyre ballkjolar.

VIL STOPPE PRESSET: Marte Vingsnes (18) (t.v.) og Malene Hetle Hole (18) meiner det er på høg tid å ta eit oppgjer med bruken av dyre ballkjolar.

Av

FØRDE: – Det er på høg tid at det vert teke eit oppgjer med haldningane som tilseier at ein vanleg kjole på juleball ikkje er godt nok, seier Malene og Marte.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Det nærmar seg jule- og nyttårsball på skulane. For eit par veker sidan skreiv Firda om ei jente som ville låne vekk ballkjolane sine gratis til dei som ikkje har råd.

På annonsen ho la ut i ei Facebook-gruppe fekk ho mykje respons. 600 gav tommel opp, medan nærmare 30 kommenterte, der alle var positive til initiativet. Seinare har fleire slengt seg på, og tilbydd utleige av kjolar.

Det bekymrar Malene Hole (18) og Marte Vingsnes (18).  

– Det er skremmande at folk tek det for god fisk utan å tenke igjennom dei eigentlege konsekvensane, meiner dei to.

– Bruk rimelege kjolar

Hafstad-elevane er ikkje einige i måten å gå fram på for å løyse problemet med kjolepress.

– Ein skal for all del anerkjenne det å ville gjere noko bra for andre, men om det har nokon verknad på lengre sikt er eg i tvil om, seier Malene.

Det dei seier er at det alltid vil vere nokon som ikkje har råd til, eller ikkje får tak i ein slik kjole. Difor meiner dei at det ulogisk å låne vekk ballkjolar for å bli kvitt presset.

– Ein må heller slutte med å strekke seg etter, og dermed halde oppe, den høge standarden. Ein bør heller prøve å senke standarden. Altså, ein må framsnakke at rimelege kjolar er meir enn godt nok, seier dei, og legg til:

– Dei som er opptatt av å ha den dyraste, finaste kjolen treng nok å sjå at ein kan gå med rimelegare kjolar, og same kjolen opp til fleire gongar, utan at det er noko problem.

Skuffa over media

Marte og Malene er ikkje nøgde med måten saka blir vinkla i media. Dei meiner media burde jobbe meir aktivt for å redusere kjole- og kroppspress, ikkje halde oppe det.

– Føremålet med å skrive om denne saka burde vere å sette fokus på å redusere kjolepresset, og dermed vise at det er greitt å ikkje ha ein ballkjole til 1000 kroner. I staden for vert tida brukt på å dokumentere at kjolepresset eksisterer, noko som er nyttelaust.

Dei synest det er synd at media ikkje brukar den makta dei har meir fornuftig til å fremme sunne verdiar. Ein kan heller snakke om viktigheita av at juleballet vert ein kjekk kveld saman med venner og klassekameratar.

– Dersom det verkeleg er slik at det er vanleg å få stygge kommentarar på grunn av «feil» kjole, er det urovekkande at denne oppførselen ikkje skaper større reaksjonar, seier Marte.

Det er nettopp her dei meiner mykje av problemet ligg.

– Om ein tek tak i denne oppførselen, ville mykje vore gjort. Ein må lære seg å forstå at ikkje alle har råd til dyre kjolar. Ein må og forstå at det finst folk som faktisk ikkje er villige til å prioritere ein dyr kjole som berre skal brukast ein kveld.

Sjå bildeserien frå Førde ungdomsskule sitt ball i fjor

Til slutt har dei ei klar oppfordring:

– Det vil aldri vere akseptabelt å komme med stygge kommentarar til nokon med ein billegare kjole enn deg sjølv. Men, det er trass alt mykje betre å gå med ein billeg kjole, og samstundes kunne oppføre seg, enn å gå med ein dyr kjole og mangle folkeskikk.

Les også: Å sjå bra ut treng ikkje vere dyrt

Fire på gata om kjolepress

– Kjenner du på kjolepress på juleball?

Marylin Lesto Lykkebø (17), Hafstad vgs

– Ein vil jo føle seg fin, og spesielt på juleballet, fordi der er jo det å kle seg fint litt av meininga. På den måten er jo litt press, men eg føler ikkje det er noko konkurranse om å ha den finaste eller dyraste, og eg kjøper ikkje kjole til tusen kroner heller.

Emma Reite (16), Hafstad vgs

– Eg kjente litt på det på ungdomsskulen. Då snakka alle om kor dyre kjolar dei hadde, og viste bilde av dei. Eg hadde ein dyr kjole sjølv, så eg trur det kanskje gjekk meir ut over dei som ikkje hadde pengar til ein dyr kjole, enn meg. På vidaregåande er det annleis, her føler eg at vi kan vere meir oss sjølve, og at folk heller går med det dei sjølv synest er fint enn kva andre synest, uavhengig av om det er dyrt eller billig. Derfor betyr det mindre for meg no enn på ungdomsskulen.

Sigrid Helgheim Hatten (14), Halbrend

– Det høyrest verre ut i Oslo enn her i Førde. Sjølv føler eg ikkje på det, og eg trur det er fordi vi bur i ein liten by utan så mykje klasseforskjellar. Vi ser jo på TV og film at tradisjonelt sett skal ballkjolane vere fine og dyre, men eg føler ikkje vi har det slik.

Lena Kalstad Eide (17), Hafstad vgs

– Eg føler ikkje på noko press, og skjønar heller ikkje kvifor andre bryr seg så mykje. Gå med kva du vil! I år skal eg gå med bukse og «god-skjorta» som vennane mine kallar den.

Artikkeltags