– Eg vart rett og slett trist. Det dukka opp fleire og fleire innlegg, på facebook og i media, om sommerkroppen. At folk med heilt velfungerande kroppar skal stresse med å få «ein perfekt sommarkropp» er heilt absurd. Det som er viktig er heilårskroppen, at du er sunn og aktiv, at kroppen verkar.

Ho fortel at ho har vore der sjølv, at tanken om å berre vere bitte litt meir «bikiniklar» har vore freistande. No har ho fått eit heilt anna syn.

Bikiniklar

Slankekuren min heter kreft, den er utrolig effektiv, helt jævlig og anbefales ingen. Å ha så vondt og være så kvalm at du ikke orker å spise, får kiloene til å renne av. Så nå har jeg den vekten jeg drømte om, men jeg fikk en del annet med på kjøpet.

Før ho posta blogginnlegget som i dag er Norges mest delte, og allereie lese av over 50.000 menneske, gjekk ho nokre rundar med seg sjølv. Skulle ho dele dette som ho tenkte og følte, med venner og kjente?

– Eg hadde aldri forventa at det skulle ta slik av. Tilbakemeldingane har vore utelukkande positive. Når folk fortel at no skal dei gå i bikini med hovudet høgt heva, då er det verd det.

Hvis du har en sånn sommerkropp som jeg ønsker meg, så håper jeg du setter uendelig stor pris på den. Det er på ingen måte en selvfølge.Det handler ikke om hvor mange kilo den veier, eller hvor den buler litt ut. Det handler om at den fungerer, at den er sunn og frisk og sterk nok til livet ditt. Hvis du er så heldig å ha det, er den midt i blinken for hele året egentlig. Neste år håper jeg å ha det samme.

Skreiv bloggen ho skulle ynskje fans

Ryste fortel at ho starta å skrive bloggen då ho var diagnostisert med tarmkreft.

– Eg måtte så klart fortelle om det til vener og kjente, og eg hadde lyst til å fortelle sjølv, men etter kvart kjente eg at det blei for mykje. Eg måtte fortelle om att og om att, og eg forestillte meg at alle samtalane mine ville handle om kor sjuk eg var, kva behandling eg fekk også vidare. Om eg skreiv det, så kunne alle få følge med, og eg fekk fortelje. Eg har ein del venner rundt om i Norge, og i utlandet, og på denne måten kunne dei også følge med på kva som skjedde - heller enn å bli overraska neste gong dei såg meg.

Ryste skriv ikkje berre for seg sjølv. Når først var sjuk leita ho etter ein slik blogg, men fann ingen. No håpar ho bloggen kan vere ei oppmuntring for andre i same situasjon, eller for nokon som kjenner nokon med tarmkreft.

– Eg fann mange bloggar om brystkreft, blogga frå uhelbredlege sjuke, eller bloggar som var avslutta med ei dødsannonse. Eg fann ikkje nokon blogg som beskreiv min situasjon. Tarmkreft er fortsatt litt tabu, og det er ikkje så vanleg at unge folk får det. Eg ville at det skulle finnes ein blogg som folk i min situasjon kunne verte glade for å lese.

Skyt kreften med kanon

Ho har fått  gode prognoser, og om alt går etter planen er ho ferdigbehandla og kreftfri i september.

– Det er liten sjans for tilbakefall. Sidan eg er såpass ung og sprek skyt dei med kanonar for å forsikre seg.  Eg har det stort sett fint, sidan dei rund meg er så sikre på at det skal gå bra, men samanbrota kjem jamleg. Når eg er sliten og har ilt, kjenner mine eigne begrensningar og føler meg som ei byrde, då er det tungt. Då tenkjer eg nokre gonger at eg aldri kjem til å bli som før.

På bileta på bloggen smiler og ler Ryste, og ser slett ikkje sjuk ut.

– Eg synes ofte eg ser mykje betre ut enn eg kjenner meg. Og det er eg glad for, eg likar best at folk ikkje kan sjå at eg er sjuk. Eg er nok heldig som har mista håret, for då trur eg kanskje eg ville ha kvidd meg meir for ein del ting.

– Eg har fått ein heilt ny respekt for folk som lid av kroniske sjukdommar, usynlege sjukdommar og smerter.