Ei maltraktering av Førdehuset

Forslag til nybygg ved Førdehuset.

Forslag til nybygg ved Førdehuset. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarFørdehuset – teikna av arkitekt Peder Ristesund – vart innvigd som regionalt kulturbygg i 1976. Hovudpersonane bak prosjektet var ordførar Reidar Tveit og rådmann Lars Askevoll.

Førdehuset vart fort vide kjent som eit norsk pionertiltak, og eit særmerke for Førde.

Arkitektonisk sett er Førdehuset i mine auge eit meisterstykke, som vendar seg innbydande mot dei som kjem hit. Det er arkitektur på høgste nivå, – og fremst av alle andre byggverk i Førde.

Arkitekt Arild Wåge fekk ansvaret for ei seinare utviding / utbygging. Og dette fekk han til på ein god måte, i tråd med den ånda – og det formspråket – som Førdehuset representerer.

No vil nokon ha eit signalbygg – på framsida her – for ein ny kulturskule. Skal denne etablerast på ein slik måte, vil det bety ei maltraktering av Førdehuset som ei arkitektonisk perle, og eit vesentleg kulturhistorisk element. Det vitnar om lite kulturelt medvit.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags