Under Statens vegvesen sin tungbilkontroll onsdag, var 96 køyretøy innom trafikkstasjonen.

Ein av førarane fekk pålegg om å bruke kjettingar ved køyring på snø- og- isdekka veg. I tillegg var dekka dårleg tilpassa vinterføret.

Firmaet valde å kjøpe nye dekk i Førde. Dette var føraren særs nøgd med, og fortalde at han hadde prøvd å få firmaet til å kjøpe nye dekk ei god stund.

17 køyretøy vart kontrollert nærmare, og 16 fekk skriftlege manglar.

To førarar fekk bruksforbod på grunn av manglande sikring av last, og ein fekk bruksforbod på grunn av overlast. Ein førar fekk ei åtvaring for brot på reglane om kviletid.