Vogntog mangla brems på eit hjul

I tillegg måtte eit anna vogntog rett på verkstad då Vegvesenet hadde kontroll på E39 ved Førde trafikkstasjon.

DEL

På torsdag var i alt 127 køyretøy innom kontrollplassen til Statens vegvesen. 11 av desse vart kontrollert nærmare.

Mangel på brems

Ein varebil var overlasta og måtte lesse av før han fekk køyre vidare.

To vogntog fekk skriftleg mangel på bremsane på tilhengarane. Det eine vogntoget hadde for svake bremsar og mangla dessutan brems på eit hjul. Det andre hadde stor luftlekkasje og måtte rett på verkstad.

Eit anna vogntog fekk mangellapp på grunn av spekkar i dekk.

Dårleg sikring av last

Eit køyretøy fekk bruksforbod for manglande dokument på farleg gods og eit anna for manglande leasingavtale på køyretøyet. Den tredje føraren på grunn av mangelfull sikring av last. To fekk åtvaring på køyre- og kviletid og vert sendt til bedriftskontroll.

I tillegg fekk ein motorsykkel mangel på lys.

Artikkeltags