Han og sambuaren var på veg tilbake mot Førde søndag kveld, då dei tok ein stopp på Svidalsneset langs E39 fordi sonen deira måtte på toalettet.

Men då Nydal Eliassen følgde sonen inn på toalettet på rasteplassen, vart han møtt av eit grisete syn.

– Ubehageleg

Toalettet var tilgrisa på store delar av toalettringen, og det låg også mykje på golvet. Kva det var eksakt, anna enn at det var ekkelt, og fekk han og sonen til å snu raskt, veit han ikkje.

– Det var ganske ubehageleg, seier Nydal Eliassen.

Han reagerer spesielt på at nokon har grisa til eit såpass nytt sanitæranlegg, berre veker etter at det vart opna etter nyoppussing i desember.

No er den nye rasteplassen på E39 opna 

– Synd på handikappa som møtte dette

Han reagerer også på at han fann det på handikaptoalettet.

– Eg synest synd på ein handikappa, dersom dei kom til toalettet etterpå og måtte bruke det slik det var, seier Nydal.

Dei var på rasteplassen kring klokka 18.00 søndag kveld, og for han såg det ut som det hadde vore tilgrisa ei stund.

– Eg sende mail til Statens vegvesen og gav beskjed om det, for det må jo vaskast opp. Eg synest synd på dei som fekk jobben, seier Nydal Eliassen.

Han understrekar at han ikkje veit korleis tilgrisinga har skjedd. Han meiner det er kritikkverdig dersom nokon har grisa det til slik med vilje, utan å rydde opp.

– Ein forventar jo at folk veit korleis dei skal bruke eit toalett, seier han.

Er no reingjort

Prosjektleiar i Statens vegvesen for opprustinga av rasteplassen på Svidalsneset, Jon Harald Huseklepp, fortel at dei er glade for å bli varsla i slike tilfelle, slik at dei får sett på rutinane.

I dette tilfellet fortel han at dei varsla sin driftsentreprenør når dei vart kjent med tilgrisinga, men Huseklepp kunne seinare fortelje at toalettet på Svidalsneset var reingjort måndag morgon.

Huseklepp understrekar at ettersom dei ikkje veit korleis dette har skjedd, så kan ein ikkje utelukke at det er eit uhell gjort av ein handikappa brukar.

– Om det skulle vere nokon som har tømt frå ein bubil, så er det noko anna. Det er ikkje anlegget på Svidalsneset laga for. Slik tømming skal skje på Skei, der dei har mottaksstasjon, seier Huseklepp.