1011 nummerplater vart skanna, og 14 bilar vart tekne inn tl nærare kontroll då Statens vegvesen hadde kontroll på E39 i Førde torsdag.
Av desse 14 vart det utskrive to trafikkgebyr for manglande vognkort. Eit køyretøy vart avskilta grunna manglande periodisk køyretøykontroll, medan fem andre køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande sikring av last, merking av utstikkande last og diverse tekniske manglar, melder Vegvesenet.
I tillegg vart ein førar meld for å mangle bremselys både på det trekkande køyretøyet og tilhengaren.