Natt til onsdag kontrollerte Statens vegvesen 69 køyretøy i Førde.

Seks av sjåførane fekk ikkje køyre vidare etter kontrollen. Sjåføren som køyrde med radioaktivt materiale, men ikkje hadde merkt køyretøyet, vart meld for forholdet. Fire køyretøy hadde sikra lasten sin for dårleg, og ein hadde manglande bruk av underkøyringshinder, ein bjelke som skal redusere skadane på personar og køyretøy om ein vert påkøyrd bakfrå.

I tillegg var det fem køyretøy som hadde dårlege dekk, to som fekk ei åtvaring for brot på køyre- og kviletida og to som hadde tekniske manglar.