I natt blir E39 stengt på Bruland

VENTING I VENTE: Natt til torsdag vil E39 bli stengt grunna vegarbeid. Ein skal sette opp veglys mellom Kronborg og Sunde.

VENTING I VENTE: Natt til torsdag vil E39 bli stengt grunna vegarbeid. Ein skal sette opp veglys mellom Kronborg og Sunde. Foto:

Vegvesenet skal skifte stikkrenner.

DEL

Natt til torsdag blir E39 stengt på grunn av vegarbeid frå klokka 23.45 til klokka 06.00.

Berre utrykkingskøyretøy får passere. Anbefalt omkøyring er via fylkesveg 13 og fylkesveg 610.

– Vi held på med å setje opp veglys på strekninga Kronborg-Sunde. Det skal leggast nokon trekkrøyr som skal krysse E39 på Bruland og dei eksisterande stikkrennene som er der må bytast ut. Vi har valt å gjere begge deler på same tid, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Arbeidet på E39 ved Bruland startar på onsdag. Eitt felt blir stengt på grunn av vegarbeidet. Då blir det lysregulering, medan manuell dirigering blir nytta ved behov.

– På onsdag frå kl. 23.45 til 06.00 blir vegen stengd og det er berre utrykkingskøyretøy som kan passere. Når vi kjem til torsdag vert det lysregulering igjen, seier Huseklepp.

Det er mogleg å køyre på strekninga natt til fredag, men også då blir det lysregulering. Natt til fredag skal dei grave opp gangvegen i området.

Fredag skal alt vere ferdig. Då skal det vere fri ferdsel både på gangveg og E39.

Arbeidet som Mesta skal utføre for Statens vegvesen er:

  • fjerne gamalt veglys på strekninga Kronborg – Pinndalen
  • setje opp 160 nye veglys med 30 meters avstand over ei strekning på 4,5 kilometer
  • fjerne ei gamal lågspentline for Sunnfjord Energi og leggje ny line i kabel
  • rive den gamle raude løa ved krysset til Sundsdalen

Artikkeltags