Fleire tatt i kontroll på Langeland

FLEIRE TATT: Svein Ove Salt seier fleire braut reglane om køyre- og kviletid.

FLEIRE TATT: Svein Ove Salt seier fleire braut reglane om køyre- og kviletid. Foto:

Statens vegvesen hadde kontroll på E39 ved Langeland utanfor Førde onsdag. To blei politimelde.

DEL

– Onsdag hadde vi kontroll av turbussar og vogntog. Vi såg også på bruk av bilbelte, seier Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

28 køyretøy blei kontrollert. Av dei 28 fekk 5 skriftleg åtvaring, 2 blei melde, og 2 fekk køyreforbod.

– Vi har stoppa fleire som har fått ulike andre reaksjonar også.

Fire sjåførar av vogntog fekk skriftleg åtvaring om brot på reglane om køyre- og kviletid.

– Vi kjem til å gjennomføre føretakskontroll hos bedriftene som braut desse reglane, seier Salt.

Det gjekk endå verre for ein sjåfør:

– Ein sjåfør måtte parkere tilhengaren sin, han mangla førarrett. Vi gav køyreforbod til ein annan, men han greidde å ordne det han måtte for å få køyre vidare, seier Salt.

Artikkeltags