Bussjåfør måtte kvile seg i nær to døgn før han fekk køyre vidare

DEL

Den utanlandske bussjåføren blei stoppa under Statens vegvesen sin kontroll ved E39 ved Førde trafikkstasjon søndag.

Totalt blei sju køyretøy sjekkar nærmare ved kontrollen, der både tunge og lette køyretøy blei sjekka av kontrollørar.

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ein annan lastebilsjåfør fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletidsreglane. Ifølge vegvesenet får begge to sendt rapport til heimlandet med oppmoding om føretakskontroll.

Ein transport med farleg gods mangla merking på godset og skriftlege instruksjonar, noko køyretøyet måtte få på plass før vidare køyring. To køyretøy fekk skriftlege manglar på lys.

Også i kystbyen var det kontroll søndag. Her blei 247 køyretøy kontrollerte, der ni av dei blei stoppa og fekk ein nærmare sjekk.

Av desse fekk to  sjåførar bilbeltegebyr og ein fekk gebyr fordi han ikkje hadde med seg dokument. Ein annan sjåfør vart meld for manglande bremselys på bilen. Fire køyretøy hadde tekniske manglar. To personbiltilhengarar fekk bruksforbod grunna laus aksel og ingen lys som fungerte., heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags