Firda får på pukkelen

Artikkelen er over 3 år gammel

Russen harselerar med lokaljournalistikken.

DEL

Tida er inne for årets russerevy frå Hafstadrussen, og "redaktøren" i Firda er blant dei ein får sjå på scena;

Hesteskit

Ein travel journalist kjem springande over scenegolvet; han ber bod om viktig nytt. Engebø, Torsheim og meir til. Redaktøren ensar han ikkje, opptatt som han er med mobilspel.

Når han endeleg riv seg laus frå skjermen kan han fortelje at tida for ordentlege nyhender er forbi, frå no av er det klikk, "likes" og nasjonale delingar som gjeld. Kan ikkje journalisten heller skrive noko lettbeint med humør? Om ein ost til dømes?

I bakgrunnen surrar treffande oppslag frå Firda si eiga heimeside.

–  Eg nektar å skrive om hesteskit, svarar journalisten.

–  Det kan du ikkje heller, svarar redaktøren- for det har vi alt gjort!

Viser at dei føl med

–  Vi må tole å bli uthengt i lokale revyar, så dette har eg ikkje noko problem med, humrar Firda-redaktør Yngve Årdal.

–  Eg har ikkje sett innslaget sjølv, men dette viser jo at russen er oppteken av lokalavisa. At dei er samfunnsengasjerte og får med seg innhald både på nett og papir er veldig bra.

Årdal avviser at aviskvardagen er som revynummeret.

–  Vi må å balansere innhaldet. Vi skal skrive dei viktigaste nyheitene her i distriktet, men så glimtar vi i med litt lettare innslag inn i mellom.

Sjå bildeglimt frå revyen her:

Artikkeltags