– Eg ville ikkje køyrd traktor ut på denne isen

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Arne Kjelsnes melder om farlege forhold på isen på Bekkjavatnet. Her kan du sjå ein snutt frå skøyteturen hans.

DEL

Arne Kjelsnes likar å gå på skøyter, og torsdag bydde høvet seg. Til høgre kan du sjå eit klipp frå skøyteturen. Men han meiner at ein ikkje skal hive seg ut på isen utan vidare.

– Det var ganske så farleg, du. Mellom holmane var det ope vatn. Ein måtte gå forbi holmane og innover før det blei trygt. Far min hadde med ein spark med singel til å ruste opp vegen, men den gjekk gjennom isen, så vi måtte redde den, seier Kjelsnes.

Les også: Isen såg trygg ut, men det var han ikkje

Han ber også eventuelle skøyteentusiastar om å halde seg unna området ved Hundsrasta, der elva kjem ut.

Det er ikkje berre å ta med ungane å skøyte utover vatnet?

Nei, du må eit stykke inn på vatnet før det blir trygt, seier han.

Kjelsnes har ikkje sett mange på skøyter på Bekkjavatnet i desse dagar. Under torsdagens skøyteøkt var det kun han og Rolf Sunde (85) ute på vatnet.

Isen er alt frå ikkje-eksisterande til 15 centimeter tjukk, melder han.

– Den er ikkje veldig tjukk, så eg ville ikkje køyrd noko traktor ut på inste delen, seier han.

Artikkeltags