– Dette er slikt du opplever på øysafari i sydlege strøk, ikkje i Førdefjorden

    FLORA: Tore Solbakken kom tettare på niser enn han nokon gong har gjort før. Sjå videoen!

    DEL

    – Det var ein veldig fin oppleving. Du får ein kontakt, seier førdianaren.

    Sjå fire videoar til nedst i saka.

    Onsdag morgon var han på hytta si i Stavang, og tok ein båttur til den nærmaste butikken.

    Då han nærma seg utkanten av ein kanal, såg han fleire niser som leika seg i Førdefjorden, ikkje eit uvanleg syn. Men dette var langt tammare niser enn Solbakken har møtt.

    – Slik eg har opplevd, held dei seg minimum 50 meter frå båtar. Desse slutta ikkje å leike sjølv då eg kom heilt nær og stoppa båten. Dei heldt på i ein halvtime, og det var utruleg kjekt å sjå på.

    Etter ein halvtime med niseleik, starta Solbakken båtmotoren igjen og tenkte det ville skremme nisene. Nei då!

    – Då følgde dei etter båten, og følgde meg halvvegs til Stavang kai. Til slutt snudde dei, då vi nærma oss hus. Det var ei veldig fin oppleving. Det er slikt ut opplever i sydlege strøk på øysafari, og ikkje i Førdefjorden, seier Solbakken.

    Sjå fleire av videoane:

            Artikkeltags