Etterlyser regnkle

Trass i at mange av dei er overkvalifiserte, tek dei gjerne eit tak for eit ryddigare og reinare Førde medan dei ventar på handsaminga av søknaden om asyl i Norge. Frå venstre Himan Al-Khanji, Mohamad Allo, Kari Valle (leiar Førde Frivilligsentral), Hassan Al-Mahdi, Ali Alsaidy, Torill Anita Segtnan (Førde kommune), Muhammed Abdulghani og Riyaz Mohamed (nestleiar Førde Mottaksenter).

Trass i at mange av dei er overkvalifiserte, tek dei gjerne eit tak for eit ryddigare og reinare Førde medan dei ventar på handsaminga av søknaden om asyl i Norge. Frå venstre Himan Al-Khanji, Mohamad Allo, Kari Valle (leiar Førde Frivilligsentral), Hassan Al-Mahdi, Ali Alsaidy, Torill Anita Segtnan (Førde kommune), Muhammed Abdulghani og Riyaz Mohamed (nestleiar Førde Mottaksenter). Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi treng regnkle til asylsøkjarane som skal rydde i Førde, seier Kari Valle.

DEL

Det kraftige regnvêret skapar problem for asylsøkarane som skal bruke to dagar i veka på å rydde Førde for boss og avfall.

– Det er mange flyktningar som vil vere med å rydde, men dei manglar regntøy og støvlar, seier dagleg leiar for Frivilligsentralen i Førde, Kari Valle og legg til at i dag heldt arbeidsgjengen på å regne vekk når dei skulle plukke boss.

Treng herreklede

Ho håper no at nokon har regnklede eller støvlar som dei vil gje vekk til asylsøkarane som skal rydde i byen:

– Vi treng herreklede i storleiken medium til large, og støvlar i storleiken 42–46. Det må vere noko som toler vêr og vind, seier Valle, og legg til at det også er lov for næringslivet å bidra.

– Om nokon har klede, så kan dei leverast anten på Bergum asylmottak eller i Røder Kors-kjellaren mellom klokka 10-14, så skal vi i Frivillegsentralen sørge for vidareformidling, seier Valle.

Vil gjere ein innsats

Sjølv om vêrgudane viser seg frå vrangsida i dag, fortel Valle at asylsøkarane likevel ønsker å gjere ein innsats for samfunnet:

– Dei seier «no problem, no problem», men eg har sagt til dei at dei må gå i hus viss vêret blir for gale. Og at ein ikkje må gå ute utan skikkelege klede, seier Valle, som håper at nokon der ute kan avsjå regnklede som dei ikkje brukar.

Det er samarbeidsrådet på Førde Mottakssenter, Førde Frivilligsentral, Sunnfjord Miljøverk og Førde kommune som har blitt samde om ordninga der frivillige frå asylmottaket skal plukke søppel i Førde sentrum.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken