Forventar å opne E39 mellom Førde og Skei med ledebil frå 17.00

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vegtrafikksentralen vest melder klokka 14.07 at E39 Førde – Skei blir forventa opna for styrt trafikkavvikling med ledebil frå 17.00.

Vegvesenet melder sjølv at oppryddingsarbeidet har gått raskt, og peikar på solid innsats frå entreprenørar.

– Formidabel innsats

– Maskinene har gått både dag og natt for å rydde opp i dei mange rasa på E39, og vi vil takke entreprenørane for formidabel innsats for å rydde både europavegen og dei andre vegane i fylket, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding om vegopninga.

Sjølv om vegen blir opna no i ettermiddag gjenstår noko arbeid, så det er naudsynt å stenge vegen i natt frå 23.00 til 06.00 for at entreprenørane skal få gjere seg ferdige.

Naudetatar får passere i dette tidsrommet.

Oppmodar til å vise omsyn

Finden fortel at det kan vere nokre parti med innsnevringar i vegbana i dette området. Trafikken vil der bli leia forbi i kolonne, og avdelingsdirektøren oppmodar folk til å vise omsyn for arbeidet, og å vere merksame på skilting.

E39 var tidleg torsdag opna att ved Movika, så dei som bur nedanfor Grimsbø kunne kome seg til Førde.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken