Ytre Hafstad mista vatnet

Bebuarar på Ytre Hafstad i Førde mista vatnet i dag tidleg, kommunen seier problemet no er løyst.

DEL

– Dei som bur på Ytre Hafstad, i dei høgareliggande områda mista vatnet i dag tidleg. Men vi har jobba med problemet, seier Jan Birkeland i Førde kommune.

Birkeland kan ikkje bekrefte kva feilen var, men seier feilen burde vore unngått.

– Slike feil burde ikkje skje, men vi var raskt på staden og ordna. Eg trur ikkje for mange vart skadelidande før vi fekk det ordna.

Birkeland bekreftar at telefonane frå bekymra bebuarar begynte å komme inn kvart på sju.

– Rundt halv åtte hadde vi kontroll og no er problemet ordna. Om ikkje alle har fått trykket igjen, så er det på veg.

Artikkeltags