Gjerningsmannen vert sikta for kroppsskading

OPPKLÅRA: Etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal ved Naustdal og Førde lensmannskontor.

OPPKLÅRA: Etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal ved Naustdal og Førde lensmannskontor. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Politiet ser alvorleg på valdssaka som dei no reknar som oppklart.

DEL

Natt til søndag 20. november måtte ein mann sendast til sjukehus, etter at han vart slegen ned ved ein utestad i Førde.

– Det var mange vitne til hendinga, og politiet var snøgt på staden og fekk føreteke avhøyr. Det er med på å gjere at vi no ser på saka som oppklart, sjølv om det står att nokre avhøyr, seier etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal ved Naustdal og Førde lensmannskontor.

Avviser blind vald

Vårdal ønsker ikkje å gå i detaljar om kor hardt skadd mannen som hamna på sjukehus vart, men opplyser at politiet i slike høve nyttar desse graderingane; kroppskrenking, grov kroppskrenking, kroppsskading og grov kroppsskading.

– Alt tyder på at gjerningsmannen vert sikta for kroppsskading, seier Vårdal som likevel avviser at det i denne saka er snakk om blind vald.

Men etterforskingsleiaren vil ikkje stadfeste eller avkrefte om det har skjedd ting mellom sikta og fornærma som politiet ser på som formildande omstende.

– Før valdshendinga var det kontakt mellom tiltalte og fornærma. Meir detaljert kan eg ikkje vere, avsluttar Vårdal.

Artikkeltags