Gå til sidens hovedinnhold

Av, med og for ungdom

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Operasjon Dagsverk er Norges største solidaritetsaksjon arrangert av, med og for ungdom.

I over 50 år har ungdom hatt moglegheita til å gje éin dag av si eiga utdanning til inntekt for ungdom i land der retten til utdanning ikkje er nokon sjølvfølge. Dette er OD-dagen. Eit tilbod til ungdom for å vere med på å gjere verda litt meir rettferdig.

Ungdom bak disken

Dette er grunnen til at du kanskje har sett ekstra mange ungdommar i butikkane i dag. Denne fredagen arbeider ungdommen i Førde til inntekt for ungdom i Colombia.

På klesbutikken Storm finn vi Matilde Gjesdal (18). Her jobbar ho òg til vanleg, og gjer dei same oppgåvene som ho pleier å gjere. Den einaste forskjellen er kvar pengane går – i dag går dagslønna til Operasjon Dagsverk.

For Matilde er det å jobbe på OD-dagen ei sjølvfølge. – Sjølvsagt må eg utnytte moglegheita til å delta på OD-dagen. Pengane går jo til ungdom som ikkje har like moglegheiter som oss i Norge, og å jobbe ein dag for eit slikt formål krev ikkje mykje av deg.

Frå 13 – 18

Operasjon Dagsverk er eit tilbod for både ungdomsskuleelevar og vidaregåandeelevar. Dette er den siste moglegheita Matilde har til å delta på OD-dagen, men for lillesøstra er det første gongen ho kan delta.

– Det er jo ein utmerkt moglegheit å komme seg ut i arbeidslivet tidleg. Eg hugsar sjølv eg syns det var veldig spennande, og eg veit lillesøstra mi har gleda seg til å jobbe i butikk for første gang på OD-dagen.

To andre som deltek for første gang er 13-åringane Vanja R. Magnussen og Marlen Fagerlid Støfring som begge er frå Vassenden.

På sybutikken Sting for Sting finn ein Vanja der ho hjelper til ved å for eksempel legge på plass varer. Ho jobbar på OD-dagen fordi ho meiner det er viktig å delta.

 – Å jobbe på OD-dagen er noko eg synest er veldig kjekt! I tillegg til å hjelpe ungdom i Colombia, får ein samstundes litt erfaring i arbeidslivet, noko som er fint å ha med seg vidare.

Støttar ei god sak

Vanja fekk høyre om årets prosjekt under informasjonskampanjen Internasjonal Veke på skulen, medan Marlen engasjerer seg gjennom skulekomitéen.  Marlen blei informert gjennom eit lokalt seminar i regi av Operasjon Dagsverk, noko ho synest var veldig lærerikt.

 – Eg fekk verkeleg sett meg inn i situasjonen til ungdommen i prosjektlandet og korleis dei har det, og dette er noko eg ønska å endre. Difor deltek eg på OD-dagen.

På klesbutikken Cubus har vi i dag funne ho både på lageret og ute i butikken, og å delta på OD-dagen er noko ho anbefaler alle. I tillegg ønsker ho å halde fram og engasjere seg i skulekomitéen.

 – Ein støtter ei god sak når ein er ute å jobbe. Det er ikkje berre kjekt, men veldig spennande med tanke på at ein får sin første smakebit på arbeidslivet. OD er noko eg ønsker å engasjere meg vidare i, for dette er veldig kjekt!

Vaflar og engasjement

I dag har ein ikkje berre funne skuleelevar i butikkane. 15-åringane Stine Torsheim og Bertine Moen frå Førde har drive med alternativt dagsverk, og har selt vaflar og kaffi i inntekt til årets prosjekt.

Dette er det andre året dei sel vaflar på OD-dagen, noko som både funkar og er veldig kjekt.

– Vi jobbar på OD-dagen fordi det er ein enkel måte å engasjere seg på, og det går jo til eit godt formål, fortel Stine Torsheim.

– Og så er det jo veldig koseleg å selje vaflar, ler Bertine Moen. Dagsverkprisen på 400 kr fekk dei inn etter svært kort tid. Likevel sit dei der til røra er tom, og gir sjølvsagt alt dei tener til prosjektet. Sjølv om dei er dei einaste som sel vaflar i Førde i år, fryktar dei ikkje konkurranse til neste år.

–Det hadde eigentleg berre vore kjekt! Det er ein veldig fin måte å samle inn pengane, så dette er noko vi anbefaler.

Då dagen var slutt hadde dei fått inn heile 1700 kroner til Operasjon dagsverk. 900 kroner meir enn dei hadde levert om dei hadde jobba med noko anna.

Kommentarer til denne saken