19 nye studenthyblar i Førde

Studentsamskipnaden på Vestlandet, Saman, får pengar til 19 nye studenthyblar i Førde.

DEL

– Fleire studentbustader sikrar eit rimeleg og føreseieleg butilbod for studentane, seier minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V).

I år er det pengar til å bygge 3 400 studentbustader. Det er ifølge Nybø det høgste nokon gong.

Det er ikkje berre i Førde det kjem nye bustader. Alle studentsamskipnadane som søkte om støtte til nybygg i denne runden fekk ja. Til saman skal det byggast 1 448 nye, fordelt på Molde, Volda, Oslo, Gjøvik, Førde, Ås og Tromsø.

Olve Grotle, ordførar i Førde ønsker dei nye studentbustadane velkomne:

– Saman med støtta vi fekk i haust til 30 nye studentbustader, er det no gitt støtte til om lag 50 hyblar totalt.

– Det er i samsvar med prosjektet studentsamskipnaden Saman arbeider med i Vieåsen i Førde, og eit viktig løft for Førde og Sunnfjord som studentby.

– I tillegg er det viktig at vi sikrar og utviklar utdanningstilboda i regionen vår, og all støtte vi kan få til det er velkommen.

Artikkeltags