Ungdommen går fem timar dagleg for å jakte Pokémon

DEDIKERTE: F.v. Sandra Mo, Magnus Eldal Tvedt, Marcus Langeland, Martin Mo, Olaf Gloppen, Stian Landøy, Remah Almasri, Anders Aase og ein som slo følge med gjengen, som Firda dessverre ikkje har klart å finne namnet på

DEDIKERTE: F.v. Sandra Mo, Magnus Eldal Tvedt, Marcus Langeland, Martin Mo, Olaf Gloppen, Stian Landøy, Remah Almasri, Anders Aase og ein som slo følge med gjengen, som Firda dessverre ikkje har klart å finne namnet på Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Førde-ungdommen går lange turar i gråvêret, flokkar seg rundt statuer og ser ikkje opp frå mobilen sin. Kva er det eigentleg som skjer?

DEL

– På torsdag gjekk eg 8000 steg på to timar.

Martin Mo (21) har ikkje blitt maratonløpar, slik det kanskje høyrest ut. Han er ein av mange unge som for tida vandrar kvilelaust rundt i Førde med auga klistra til ein mobilskjerm.

Mobilspelet «Pokémon GO» har sveipa over verda dei siste vekene, og Førde er ikkje noko unntak. For å spele dette spelet, må ein bevege seg i det verkelege liv. Og då spelar det ikkje noko rolle om regnar litt.

Fantasidyr-jakt i sentrum

PIONÉR: Martin Mo (21) starta ei eigen Facebookgruppe kalla «Pokemon Go Førde». På få dagar har rundt 150 meldt seg inn. På denne gruppa seier folk i frå kvar dei har sett sjeldne pokémonar.

PIONÉR: Martin Mo (21) starta ei eigen Facebookgruppe kalla «Pokemon Go Førde». På få dagar har rundt 150 meldt seg inn. På denne gruppa seier folk i frå kvar dei har sett sjeldne pokémonar. Foto:

– Den er i nærleiken! Er det nokon som ser den?

Ein svær gjeng med 20-åringar vandrar rundt med paraply i Førde sentrum. Gråvêret er inga hindring.

Det dei jaktar på er Pokémon: fantasidyr frå den populære serien med same namn frå det tidlege 2000-tal. På mobilskjermen har dei eit kart over området, i dette tilfellet Førde sentrum, der det dukkar opp små figurar på kartet når dei er nærmar seg ein av desse skapningane.

– Den forsvann. Vi går mot Firda Billag, seier nokon.

Ungdommane reknar med dei gjennomsnittleg går rundt i fem timar kvar dag i jakta på desse skapningane. Når ein er i nærleiken av ein Pokémon, kan ein opne mobilkameraet, der ein kan sjå ein animert Pokémon midt i elles kvardagslege Førde-omgivnadar. Så er det berre å kaste ein pokéball og håpe at ein fangar den.

– Barndomsdraum i oppfylling

Nokre Pokémon dukkar opp ofte, medan andre er meir sjeldne. Og for å finne desse fungerer berre ein ting: gå og leit.

– Dette er eit spel ingen foreldre har noko imot, seier Sandra Mo.

– Mamma veit at eg spelar det, og ho er sjeleglad for at eg kjem meg ut, seier Martin.

I tillegg til å få desse ungdommane ut i frisk luft, synest dei det heile er veldig nostalgisk. Som 90-talsborn var alltid det å fange pokémonar ute i den ekte verda ein draum.

– Det er eigentleg ein barndomsdraum som går i oppfylling, seier Sandra, som i likskap med resten av gjengen vaks opp med Pokémon på både TV og Gameboy.

Inntil nyleg har dette spelet berre vore tilgjengeleg i USA, Australia og Storbritannia. Likevel har svært mange nordmenn klart å laste det ned til mobilane sine. Men denne helga blei det også offisielt tilgjengeleg i Norge.

Ungdommane meiner spelet senkar terskelen for å prate med tilfeldige folk dei møter.

– Det er utruleg lett å vere sosial. Når ein møter andre som er ute på jakt, er alle vennlege og pratar saman, seier Martin.

Her utspelar «slaget om Torsheim-statuen» seg på skjermen til Martin Mo.

Her utspelar «slaget om Torsheim-statuen» seg på skjermen til Martin Mo. Foto:

– Vi veit ikkje alltid kven folk er, men vi veit kallenamnet deira i spelet, kva level dei er og kva lag dei speler på, seier Sandra Mo, eller «aawkwwaard» som ho kallar seg i spelet.

Kaprar Torsheim-statuen

Når ein har spelt dette ei stund, oppdagar ein også eit lagsystem som gjer at ungdommar jamleg flokkar seg rundt kjende landemerke som Torsheim-statuen, Øyrane vidaregåande og Førdehuset. Desse landemerka er såkalla «Pokémon Gyms», og det er om å gjere å kapre dei.

For å gjere dette, må ein fysisk møte opp ved staden. Deretter må ein bruke pokémonane sine til å overvinne pokémonane til dei som har kapra gymmen før deg. Denne kampen går føre seg på mobilskjermen. Men klarer du det, er gymmen din.

– Sånn, no er denne plassen vår, seier Martin nøgd.

VANLEG SYN: Det kan trygt påståast at denne statuen får meir besøk enn nokon sinne i desse dagar. F.v. Sandra Mo (20), Ingrid Lyslo (20), Håkon Lyslo (17) og Martin Mo (21).

VANLEG SYN: Det kan trygt påståast at denne statuen får meir besøk enn nokon sinne i desse dagar. F.v. Sandra Mo (20), Ingrid Lyslo (20), Håkon Lyslo (17) og Martin Mo (21).

Han spelar på det gule laget, og har no gjort til at Torsheim-statuen har gått frå å ha eit blått til eit gult ikon over seg på mobilskjermen hans. Jakta på fleire Pokémon held fram, og vi går vidare.

Men vi kjem ikkje langt før ein annan mobilskjerm-klistra gjeng kjem gåande, tilsynelatande i retning Torsheim-statuen. Martin strekker hals.

– Dei er på det blåe laget, og skal dei vinne att Torsheim-gymmen. Vi må tilbake dit etterpå!

Artikkeltags