Her skal dei sette opp nytt skilt på 1 x 1,5 meter

HER: Ein stad ved bankbrua på festplassen vil det nye skiltet som viser deg turane i nærleiken kome opp.

HER: Ein stad ved bankbrua på festplassen vil det nye skiltet som viser deg turane i nærleiken kome opp. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Skal sette opp skilt med oversikt over 16 turar.

DEL

Kommunen ønsker å sette opp eit skilt på 1 x 1,5 meter ved bankbrua på festplassen.

På skiltet skal det vere ei liste over nærturar, med tilhøyrande ruter, vanskegrad, parkeringsmoglegheiter og liknande.

Har merka 20 turar

Skiltet kjem opp som del av Turskiltprosjektet. Dette er eit samarbeid mellom Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunane, som gir økonomisk støtte til merking og skilting av turar.

Målet er å styrke folkehelsa og betre moglegheitene for å komme seg ut i friluft.

– Alle kommunar har blitt utfordra til å skilte og merke 20 nærturar, altså turar der folk bur. Det har vi no gjort. Nærmare 20 turar i Førde har blitt merka med liknande skilt, seier kommunalsjef Trond Ueland, som står bak søknaden om å sette opp skilt.

Ueland seier at poenget med det nye skiltet er å vise alle desse turane samla.

– Vi har spurt oss om vi kanskje kan ha liknande samleskilt fleire stader, men det får vi ta etter kvart, seier han.

Han fortel at skiltet kjem opp snarast. Materialet er bestilt, og blir levert kor tid som helst.

SLIK BLIR SKILTET: Ruteskildringar, parkeringstilhøve og anna relevant info skal stå oppført på skiltet.

SLIK BLIR SKILTET: Ruteskildringar, parkeringstilhøve og anna relevant info skal stå oppført på skiltet. Foto:

Kommunen søkte om løyve hos kommunen

Det er kommunen som har søkt om løyve hos kommunen til å sette opp skiltet.

– Vi av alle må vere ordentlege på slikt. Når kommunen vil sette opp skilt, må vi gjennom same behandling som alle andre, forklarer Ueland.

Sjølve skiltet skal bestå av to glasplater, med infoplakaten mellom seg. To aluminiumsstolpar skal stå som beina til skiltet.

Artikkeltags