Alle lysa opp Hafstadkleiva mørklagde

MØRK: Slik skal stien opp Hafstadkleiva vere på kveldstid, men no er alle lyspunkta mørklagde.

MØRK: Slik skal stien opp Hafstadkleiva vere på kveldstid, men no er alle lyspunkta mørklagde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – I verste fall kan det gå lang tid før vi får lys igjen, skriv kommunen.

DEL

– Alle lyspunkta er mørke, og i verste fall kan det gå lang tid før vi får lys igjen, skriv kommunen på Facebook fredag.

Elektronikken blir slått ut av lyn og torevêr, melder kommunen. Tidlegare har det berre skjedd i øvste del av stien, men no er alle punkta mørke.

– Det er dessverre omfattande å reparere skadene. Oppfordringa vert difor: Ta med lykt, skriv kommunen.

Klokka 20.20 fredag kveld får Firda melding om at lyset er komme tilbake i halve Hafstadkleiva.

Artikkeltags