Utestengt frå treningssenter etter dopingkontroll

Senterleiar hos Spenst Førde, Kent Roger Engdal, fortel at personen er utestengd i 12 månader.

Senterleiar hos Spenst Førde, Kent Roger Engdal, fortel at personen er utestengd i 12 månader. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Spenst Førde har utestengt ein person i 12 månader, etter å ha nekta å la seg teste, samt å innrømme bruk av ulovlege midlar.

DEL

Det skriv fordeby.no.

Kontrollen, som vart gjennomført onsdag denne veka tok føre seg 31 personar. Av desse innrømte ein person bruk av ulovlege substansar, og blir dermed kasta ut av treningssenteret med umiddelbar verknad.

Senterleiar Kent Roger Engdal fortel til fordeby.no at personen ikkje ville la seg teste, og innrømte bruk. Utestengingstida blir no 12 månader for denne personen, og det blir ifølgje Engdal opp til politiet om dei vil ta saka vidare.

Også i november i fjor vart det tekne brukarar av anabole steroid i kontroll ved treningssenteret.

Den gongen vart fire personar plukka ut. Av desse avla to ein prøve som var negativ, ein testa positivt, medan ein siste nekta å la seg teste.

Artikkeltags